23
Oct

Kunstig intelligens og robotar

Nå for tida er det mykje snakk om at kunstig intelligens og robotar i framtida kjem til å gjera arbeidsløysa til eit mykje større problem enn tilfelle er nå. Bilane kjem til å køyra utan sjåførar, robotar kjem til å stella dei gamle på gamleheimane, juridiske problem kan løysast utan at menneske er innblanda, på same viset kan avgjerder om investering eller ikkje i nye produksjonsanlegg og utvikling av nye varer gjerast utan menneskeleg innblanding, og meteorologane er på veg til å døy ut som yrkesgruppe, med unntak av dei som står på skjermen og fortel kva datamaskinene har kome fram til.

Drivkrafta bak dette er sjølvsagt at dei som eig produksjonsmidla for varer og tenester gjerne vil driva ned lønsutgiftene – robotar og kunstig intelligens er jo både rimeleg og påliteleg arbeidskraft samanlikna med menneske, må vite. Og dei har ikkje fagforeiningar – eigaren sin styringsrett er total.

Og her er eit problem: Det er jo menneska som er kundane, og som gjennom det syter for at det er ein grunn til at desse varene og tenestene vert produserte. Men dersom lønsutbetalingane går ned, vert det færre som kan kjøpa varer og tenester … og heile det økonomiske systemet med produksjon og konsum som drivkrefter kjem inn i ein dødsspiral, kan det sjå ut til.

Og problemet har ei løysing, som eg er ganske sikker på ganske snart vil verta oppdaga av økonomane. Denne løysinga er sjølvsagt å utvikla robotar med ein passande kunstig intelligens som kan gjera jobben som kundar og konsumentar. Det finst jo vel etablerte teoriar og modellar omkring korleis marknadane fungerer, og eg er trygg på at dette let seg bygga inn i gode robotalgoritmer for produksjon og konsum. 

Så vi går altså mot ei framtid der både produksjon, konsum, investeringar og jussen relatert til alt dette er frie frå menneskeleg innblanding. Så, om vi ser bort frå implikasjonane dette måtte få for vanlege lønsmottakarar og samfunnsborgarar ellers:  dette skulle jo gi store og trygge framtidige inntekter for dei som eig produksjonsmidlane, eller kva?

26
Sep

Evidens for folk flest

Det står ikkje til å nekta at det beste for kloden er å verta styrt etter dei beste estimata over kva framtida kan bringa som finst til ei kvar tid.

Kvifor? Les meir om det her.

Organisasjonen løyser dette ved å styra i pakt med estimat henta inn på kva framtida kan bringa frå dei beste fagfolka vi kan finna her i verda vår. Vi freistar så å skaffa så brei stød til tiltaka rundt om på kloden som vi kan.

Tradisjonelt har politiske vedtak vorte fatta av folkevalde politikarar på ulike nivå. Dette har ført med seg mange problem, og eit av desse er at politikarane har utvikla måtar å ordleggja seg på som folk flest kjenner seg framande for. Om politikarane i større omfang skulle fylgja råd bygde på kunnskapar framskaffa gjennom forsking, ville ikkje dette verta betre:

  • Det ville verta vanskelegare å forstå kva politikarane seier, avdi dei byggjer på kunnskap som folk flest ikkje har tid og føresetnader for å setja seg inn i
  • Det vil verta mindre forskjell på det politikarane seier, avdi dei følgjer råd som anten er dei same eller svært like kvarandre

Vårt svar på slike problem er å erstatta tradisjonelle folkevalde fora med utval av menneske bygde gjennom loddtrekking, der alle myndige bebuarar på kloden har like stor sjanse til å verta valde. Desse skal i fellesskap lytta til presentasjonar frå fagfolk, og så arbeida seg fram til anbefalingar som vi i Organisasjonen kan setja ut i livet. (Det er mangslags problem knytte dette: Korleis sikra seg eit representativt utval av verdsborgarar til slike fora, slik at yrke, geografiske regionar, etnisitet med meir er tekne omsyn til? Korleis sikra seg at informasjonen vert oversett rett og er like lett tilgjengeleg for alle som er med i desse fora? Korleis sikra seg at dei som er uttrekte til å vera med har eit kunnskapsgrunnlag som gjer at dei kan ta til seg den grunnlagskunnskapen som dei må ha for å kunna koma fram til gode anbefalingar? Kven skal betala all logistikken knytt til det? Det er vrient, men det går gjennom vår skattlegging av finanstransaksjonar.)

Det er ikkje perfekt, men betre enn det gamaldagse, representative demokratiet som har rådd grunnen sidan den franske revolusjonen.

13
Aug

Svaret på alle spursmål

Ein leiande matematikar kom ein gong på at han skulle skriva opp alle matematiske prov i ei bok. Kvar krok og krik av faget skulle saumfarast, alle teorem skulle kodifiserast, og inn i boka skulle dei. Han fekk fagfellane sine med seg på dette, dei sette i gong, og langt om lenge og med ekstraordinær innsats kom dei så langt at dei kunne få boka i trykken. Og etter nokre veker kom ho frå forlaget, fiks ferdig.

Då matematikarane var samla for å nyta resultatet av innsatsen sin – sitja og sjå på det, nippa til god vin, eta kanapear, la praten gå seg i mellom medan den blå kvelden senka seg – kom ein liten gut gåande. Han fekk auga på den fine boka, og lurte på kva som stod i henne.

– Med hjelp av denne boka kan du finna svar på alle spursmål som det går å svara ja eller nei på, svara matematikarane.

– Er det sant? Går det verkeleg an å finna svaret på alle slike spursmål med denne boka?, spurde guten.

Praten rundt bordet stilna, ettertanken senka seg over matematikarlyden. Dette var jo eit spursmål som det skulle gå an å svara ja eller nei på, og derfor måtte det ha ein plass i boka. Den gode stemninga fordampa, stjernehimmelen som var ved å koma fram over land og hav gjekk frå å skapa fred og harmoni i matematikarsinna til å vera eit svakt, uoversiktleg men sakleg skin over ufullkomenheita i arbeidet deira. Boka var altså ikkje ferdig likevel. Det var eit spursmål til som måtte inn, endå meir som måtte svarast på! Bistre til sinns reiste dei heim kvar til seg og tok fatt på den nye oppgåva.

Og verre skulle det verta, for dei skyna fort at så snart den nye boka var komen or trykkeriet, ville guten kunna stilla det same spursmålet om den nye boka, og så ville det vera på an igjen, i ein evig runddans, som ville gå i alle fall så lenge som det fantest matematikarar og småborn.

Matematikarane skyna at her måtte det seriøs reknekraft til. Dei tok til å byggja ei datamaskin som kunne stø dei i arbeidet deira. Dei arbeidde dag og natt med å byggja denne maskina, piska fram av spurmålet som den vesle guten som til ei kvar tid gnog i sinnet deira. Det vart fort til den største datamaskina verda hadde sett.

Det enkle spursmålet til den vesle guten var noko dei aller fleste rundt på kloden kunne forstå, uansett kva politisk farge, religion, kjønn eller alder dei hadde. Og uansett om dei stødde eller var kritiske til akademia, politikarar, ingeniørar, besserwissarar og så vidare, vart dei samde om at det ville vera kjekt om det fantest ei bok der ein kunne slå opp og finna svaret på alle spørmål som det gjekk å svara ja eller nei på.

Så dei stødde opp om innsatsen til matematikarane, og den store datamaskina vart fort til det største byggjeprosjektet på kloden. Ho trekte til seg all verdas ressursar, ho bidrog til store øydeleggjingar – og det vart naudturvande å gå til stader utanom kloden vår for å finna meir materialar til henne.

Snart for romskip i skytteltrafikk mellom planetane med materiale til maskina, og det vart funne måtar å temja sola sine krefter og å kasta dei inn i strevet med å finna svar på det store Spursmålet. Men det stogga ikkje der: Romskipsflåtane vaks i omfang, dei tok til å vitja andre solsystem, dei organiserte etter kvart heile galaksa vår inn i kalkulasjonane til den store maskina – og langt om lenge kom også andre galaksar inn i systemet hennar.

Matematikarane byrja etter kvart å kjenna at dei nærma seg svaret på Spursmålet, som nå vart sett på som så viktig at folk var viljuge til å setja livet sitt inn på å finna det. Trådane av logikk som gjekk gjennom universet byrja trekka det saman til ein stadig mindre omkrets, alt for å auka effektiviteten i utrekningane. Logikktrådane vart tettare og tettare, dei gjorde det rett og slett så uleveleg at folk, og matematikarane med dei, døydde ut. Men maskina heldt utrøytteleg fram med å organisera all materie for å finna svaret på det store Spursmålet.

Men nå som alle matematikarar, alle småborn, alle andre, alle planetar, stjerner og galaksar var trukne saman i eit einaste stort heile, var også Spursmålet noko som gjennomsjela heile maskina og dermed heile det universet som Maskina hadde underlagt seg:

Finst eg?

Til slutt fanst det berre ein einaste liten partikkel som mangla på at absolutt alt var organisert og regimentert til å gi svaret på Spursmålet. Med ei siste kraftanstrenging fekk maskina tak i partikkelen, og la han inn i det store Systemet sitt.

Og alt vart til Lys.

12
Aug

Om Organisasjonen sine opptakskrav

Menneske som djupt og varig kjenner at det å bevara framtida til kloden vår, til naturen og menneska på på han, kan koma til å verta vurderte for opptak som kandidatar til medlemskap i Organisasjonen.

Den som fyller Organisasjonen sine krav, må lova, evig og ufråvikeleg, å tena kloden og alt som lever på han, under Organisasjonen si rettleiing. Lovnaden fører med seg plikt å leva eit enkelt liv i lydigheit mot Organisasjonen, til å ta på seg all teneste som Organisasjonen byd, og til å streva etter eit sinnelag prega av kjærleik til kloden og alt som lever på han.

Alle som er opptekne i Organisasjonen veit at dei står i ein samanhang der det viktigaste målet er forsvar for livet og alt levande, og at dei må kjenna livet med lys- og skuggesider for å kunna gjera dette. Dei må godta motsetnadane mellom vondt og godt som er ein føresetnad for livet, og alltid, i kjærleik til livet, streva mot stadig djupare forståing av dette gjennom studiar og kontemplasjon.

Dei som er opptekne i Organisasjonen skal arbeida med, og om det trengst også gripa inn mot og styra, maktene og kreftene i samfunna rundt om på kloden. Dei må også kjenna til dei fårene som trugar Organisasjonen innanfrå, og det fellesskapet mellom medlemene som trengst for å hindra Organisasjonen frå å misbruka sin evne til å påverka utviklinga i verdssamfunnet.

Den som vert vurdert som kandidat til å verta oppteken som medlem av Organisasjonen, vil vita dette utan at vi treng å fortelja det.

13
Jun

De futuro ad contemporaneum

Verda hadde så mange problem (og dei forsvinn ikkje).

Verda hadde så mange folkeslag (og dei er der enno).

Verda hadde så mange styresett (og det har ho enno).

Verda hadde så mange meiningar (og det må halda fram, sjølv om vi strevar).

Verda gløymde (og gløymt er halvgløymt, nytt må minnast).

Verda er ganske bra (vi trur, vi tvilar).

Det er ikkje lett.

Det er ikkje lett å vera ein organisasjon – Organisasjon – som tøyler verda, for verda er den einaste vi har, og vi kan ikkje eksperimentera med heile henne. Vi kan ikkje vita alt.

Vi kan ikkje vita alt, vi må famla oss fram i blinde, vi må vera skjønsame, vi må freista halda oss reine.

Desse halvskitne utsegnene vil de, som vi i Organisasjonen veit, landa på. Dykkar framtid er jo den verda vi lever i.

Men noko ser det ut til at vi veit

Alt heng jo saman med alt, og Organisasjonen er profeten hans.

Problem: Den/det eine landet/personen/firmaet som brenner fossilt brensle tener på det, medan skadeverknadene vert fordelt på alle land.

Problem: Den arbeidsgjevaren som lukkast i å pressa ned lønene til sine tilsette, tener på det, men dei same tilsette vert dermed dårlegare kundar for alle andre arbeidsgjevarar.
Problem: Den som er slumsete med produksjonen eller bruken av antibiotika, og på den måten driv fram antibiotikaresistente bakteriar, tener på det, med alle som vert infisert av dei resistente bakteriane taper på det.

Og så vidare. Vi veit og vi trur vi veit, men kva gjer vi vel med det når velferda vår i morgon blir høgast når vi læst ikkje vita?

Det kan vera bra å vita

Spørsmål: Har du lyst på ei løn som varierer slik prisen på olje varierer?

Truleg har du ikkje det. Men uansett: kva er det som gjer at løner er rimeleg stabile, medan prisen på ei så sentral vare som olje svingar med mange hundre prosent innan relativt korte tidsrom?

Svaret ligg antakeleg i at lønene vert fastsette ut frå einigheit mellom dei som forhandlar om lønene – fagforeningar, arbeidsgjevarar og slike – om korleis prisutviklinga, rentene og liknande kjem til å utvikla seg framover. Så utviklar lønene, prisane og rentene seg i samsvar med dette. Slik vert einigheta mellom partane i arbeidslivet til eit sjølvoppfyllande profeti. Konsekvensen er at lønene utviklar seg nokså jamt og stabilt, sjølv om andre økonomiske indikatorar kan variera, og det ganske mykje også.

Altså: Avdi dei som fastset lønene vert einige om korleis økonomien kjem til å utvikla seg på sikt, og styrer i samsvar med det dei vert einige om, utviklar lønsnivået seg javnt og nokså stabilt.

Den ustabile prisen på ei vare som olje er nå ein ting.

Ein annan, og større, ting er dei ustabile tidene som de som les dette ennå ikkje har sett, men som kan koma grunna problema som er nemnde ovanfor. Om de ottast dette, vil de kanskje vera med på at her trengs det styring som byggjer på prognosar over kva som kan koma til å skje, og som kan gjera utviklinga framover mindre dramatisk enn ho vil verta utan prognosar.

Hydraulikk

Så vi i Organisasjonen veit, at de som lever i vår fortid står ovafor mangslags verdsomfemnande problem, som må løysast innan rammene av ueinsarta politiske system. Om de nå skal forstå korleis Organisasjonen vil veksa fram i dykkar framtid, kan det vera lurt å gå attende i tid, til historien.

Vi kan grovt skilja mellom to slag politiske system: det demokratiske og det hydrauliske.

De kjenner sikkert godt til demokratia i verdshistoria: Bystatane i det gamle Hellas, den romerske republikken, og dei vesteuropeiske statane under og etter den industrielle revolusjonen. Her fekk mange meiningar og idear koma fram og bryna seg på kvarandre, med intellektuelle og tekniske landevinningar som resultat.

Dei hydrauliske systema i verdshistoria er mindre kjende, og i lys av dei framgangane som er forbundne med demokratia vert dei nok sett på som mindre gloriøse. Mellom desse finn vi rika på dei mesopotamiske slettene, som Babylon og Assyria, vi finn Egypt og vi finn det gamle Kina, for å nemna nokre. Desse rika vert kalla hydrauliske av di dei bygde levestandarden på styring av vassressursar til vatning og transport. Dei hadde ein sterk stat og eit sterkt byråkrati som organiserte dette, det fans ingen sterk adel som i det føydale Europa, og konkurranse og kommersialitet sto ikkje så sterkt.

Demokratia er forbundne med oppgangstider i verdshistoria, medan dei hydrauliske samfunna er forbundne med stabilitet og kontinuitet. Dei greske demokratia varte i nokre hundre år, den romerske republikken det same, og dei vestlege demokratia har, fram til dette vert lese, berre eksistert nokre hundre år, dei og.

Dei demokratiske epokane har alle samanhang med utnytting av ressursar å gjera.

Til dømes hadde Athen rike sylvgruver, som skaffa fram betaling for slikt som bygging av krigsfarty. Men gruvene vart uttømte, Athen vart fattigare, og etter kvart reduserte ålmenn ufred livskvaliteten og fekk den intellektuelle blomstringa til å visna i dei greske områda.

Den romerske republikken fekk tilgong til ressursar gjennom store utvidingar av landområda sine, og samstundes med at denne ekspansjonen pågjekk, blomstra det romerske samfunnet: Romarane si militære styrke og administrative kløkt gjorde samhandel mellom dei ulike delene av riket mogeleg, slik at kvar del av riket kunne gjera det han var best til, og slik gjera at heile riket samla sett vart betre til å nytta sine ressursar. Men etterkvart vart det for vanskeleg og for dyrt å halda dei store landområda samla i forhold til dei ressursane som fantest der. Sjukdom som fekk fotfeste i dei stadig meir tettfolka områda gjorde sitt, dei militære styrkane rundt om i riket vart meir sjølvstendige og opportunistiske, ufred følgde, og med det nedgangstider som enda med oppløysing av heile byggverket.

Oppgangstidene til dei vestlege demokratia må for ein vesentleg del sjåast i samanhang med tilgang til ressursar, dei og, og med betre teknologi til å nytta ressursane. Viktigast her er kanskje bruken av fossilt brensle. Men, som det vil visa seg, dette er ikkje ein gratis lunsj, dette heller, og omveltingar trugar.

Samanlikna så dette med dei hydrauliske systema, som har vore uendra over mange hundreår, ja, faktisk, fleire tusen år, med stabil bruk av attnybare ressursar basert på stor kunnskap om korleis desse skal brukast og korleis ein skal avverga tilfeldige variasjonar i ressurstilgangen!

Kanskje ein sterk Organisasjon som overbygning og kontrollør av verdssamfunnet er noko å tenka på? Ein som styrer etter kunnskapsbaserte prognosar, og som på det viset skapar stabile rammebetingingar for verdssamfunnet?

(Og ute ligg sumaren, i all si støvete meiningsløyse.)

5
May

Tvilsame teoriar

Eg har eit stort prosjekt gåande, og det er å lesa meg opp på og å vera orientert om saker og fag som eg synest ein bør vita litt om for å vera eit dana menneske i vår tid. Som del i dette har eg sett på kva som står på dei forskjellige universiteta sine pensa, skaffa meg ein god del lærebøker, og lagt i veg. Tanken er å starta med det heilt grunnleggjande, og så å halda fram til eg har eit visst overblikk. Fysikk og kjemi har eg vore innom tidlegare, men vidare har me biologi og økologi, psykologi og sosialpsykologi, historie, antropologi, sosiologi, geologi og fysisk geografi, makroøkonomi og statsvitskap, og eg har vore innom dei alle.

I denne vellinga hadde eg venta gjekk an å laga ein veg frå noko som er heilt grunnleggjande til neste nivå. Dette heldt også stikk, langt på veg, men då eg skulle gå frå sosialpsykologi til antropologi og sosiologi var det bom stopp, gitt. Lærebokforfattarane Thomas Hylland Eriksen og Anthony Giddens ignorerte psykologien fullstendig. Medan til dømes sosialpsykologane som hadde skrive den boka eg las gjorde greie for grensene til mellom anna sosiologi og antropologi, og mikroøkonomane og til dels statsvitarane hadde teke til seg resultat frå psykologien, så lest antropologi- og sosiologibøkene som om dei ikkje kjende til psykologifaget. Sjølv om desse faga handlar om summane av alle handlingane til menneska dei omfattar, så ser det ikkje ut til at dei som steller med desse faga synest at psykologisk kunnskap om einskildmenneske og menneske i grupper er relevant for det dei driv med. (Her må eg ta eit atterhald om at eg har ikkje lese all verden av sosiologi og antropologi. Men eg vil jo tru at desse grunnbøkene, som skal gjera det lettare for lesarane å lesa meir djuptpløyande stoff seinare, er nokonlunde representative for kva fagpersonane meiner er viktig å vita noko om innan faga deira. Seinare har eg sett at sosiologane på Universitetet i Oslo, som ikkje brukar lærebok men har ein artikkel- og kapitelsalat til pensum i introduksjonskurset, har eit slagord om at faget deira handlar om “mennesket i samfunnet og samfunnet i mennesket”, og det let betre i mine øyrer.)

Å døma etter lærebøkene mine i antropologi og sosiologi, så er det klassikarar som gjeld som utgangspunkt for tenkinga i faga. Max Weber, Karl Marx, Emile Durckheim, Robert Merton, Talcott Parsons, Bronislaw Malinowski, Alfred Radcliffe-Brown, … . Eg må medgje at medan eg fann mykje som var interessant og tankevekkande i psykologibøkene, så var teoriane til desse klassikarane ikkje noko som fenga hjå meg. Er har lite eller ikkje talent for dei, eg synest det dei skriv er uklårt og uhandgripeleg, og det er eit slit å prøva å begripa tankane deira. Og pedagogikken i lærebøkene – som ser ut til oftast å ta utgangspunkt i teoretiske retningar frå 1800-talet, og så å referera til korleis desse har vorte kvista og om-/påbygde oppigjennom åra – synest eg er merkeleg og kjedeleg.

Men eg trur eg skjønar at det er mange teoretiske retningar knytte til desse to faga, antropologi og sosiologi, og at det pågår debattar om dei mellom dei som er interesserte. Andre kan det vera tenker som i kvantemekanikken: Du treng ikkje “skjøna” kvantemekanikk for å kunna bruka han. Du har mest igjen for å halda kjeft og rekna på likningane.

Eg har vore sakshandsamar i NAV si førstelinje i mange år. Ei av gledene dette arbeidet fører med seg er å oppleva at folk kjem inn på kontoret ditt med mange spørsmål og mykje usikkerheit om kva framtida vil bringa, og at dei så går og er ved godt mot. Det som skjer i slike tilfelle er at dei har fått NAV sitt regelverk forlart for seg, og at eg har presentert dei for kva slag muligheter NAV-systemet byr på. Vi har diskutert kva som bør gjerast for at dei skal koma seg inn i arbeidslivet att, vi har lagt ein plan for korleis vi skal gå fram, planen er skriftleggjort og signert med blått blekk på kvitt papir. Så det som før var eit ugjennomtrengeleg morass av usikkerhet har fått ein struktur, det opnar seg i gjennom regelverket til NAV klåre valmuligheiter, og vi har lagt ein plan med utgangspunkt i desse. Så når mine brukarar forlet kontoret, har dei fått klårleik i kva framtida vil bringa, og dette hjelper på humøret, både for meg som sakshandsamar, og for dei som er brukarar som slit med helsemessige begrensingar.

NAV-regelverket gjer det altså råd å gjera rasjonelle val, og det ligg eit visst velvære i å oppdaga og å bruka det.

Dette velværet har ikkje så mykje å gjera med at regelverket er vist eller gale, eller, med litt andre ord, kvalitativt godt eller dårleg.

Det er heller overgangen frå ein uoversiktleg til ein oversiktleg situasjon som får velværet fram. Det kan godt tenkast at det kan lagast andre regelverk som er betre for både samfunn og brukarar. I dag er det eit prinsipp at folk skal få tiltak som raskast råd fører dei inn i lønna arbeid. Det ville kanskje vore betre om dei fekk dei tiltaka som var samfunnsøkonomisk mest lønsame. Det er heller ikkje slik at det følgjer berre glede med regelverket, som mange vil vera klåre over. Når ein kar som har fått lastebilkurs, avdi han ikkje lenger kan gjera vanleg fysisk arbeid, oppdagar at han ikkje får ADR-kurs for å køyra fårleg gods i tillegg, har eg ved fleire høve oppdaga at regelverk går over frå å vera ei glede til å vera noko herk, og at eg som person vert halden ansvarleg for miseren.

Rasjonelle val har tradisjonelt vore litt av ein bærebjelke i økonomifaga, og er også, om eg skal døma etter bøkene mine, mykje brukt i dei samfunnsvitskaplege -logiane. Og, med støtte i mine erfaringar som NAV-sakshandsamar, må eg seie at det ser ut til å ha mykje for seg, dette: Det er både forståeleg at rasjonelle val er med mellom teoriane, og at det er freistande for samfunnsvitarane å velja ein teori frå det utvalet dei har til rådvelde når dei sjølve skal byrja å praktisera. Sjølv om regelverket/teorien ikkje er fullkome, ligg det ein nytte og eit velvære i at det i det heile teke finst. Det er også forståeleg for meg om folk som er aktive innan desse faga forsvarar teoriane dei har vald seg, og lappar på dei dersom røynda tilseier det, heller enn å forkasta dei.

Nå trur eg det er lurt av meg å avslutta denne skrivinga. Eller skal eg halda fram?

I så fall må det bli med noko om kva nytte dei som steller med samfunnsvitskap kan ha av å ha greie på psykologi og støttefaga til psykologien.

Eit nokså direkte eksempel her er sosialpsykologien sin kunnskap om dynamikken mellom inngrupper og utgrupper, som for eksempel dynamikken mellom etnisk norske og innvandrarar. For at stereotype oppfatningar om utgruppa skal endra seg, krevst det at dei i inngruppa har kontakt med dei i utgruppa i timesvis om dagen i fleire månader. Det er det råd å få til i skular og på arbeidsplassar. Her kjem også biologien, eller rettare nevrologisk kunnskap inn: Kor fort dette går kjem an på fleksibiliteten som nervefibrane i hjernane til dei to gruppene har. Unge hjernar er meir fleksible enn gamle, så der ungar vil endra stereotype oppfatningar på nokre veker, treng gamlingane månadsvis. Noko av dei same tidsdimensjonane finn ein ellers antakeleg att i kor lang tid det tek å endra sjølvbiletet etter at ein til dømes har blitt arbeidsledig.

Eit anna døme på at psykologi kan føra med seg store endringar er at hemmelege organisasjonar, som visse etterretningstenester i austlege og vestlege land, nyttar seg av psykologi – påverkning av einskildpersonar med leiande posisjonar, i rekruttering med meir – til å skapa motivasjon i retning omveltningar i heile land.

Men dette er berre døme.

Sånn reint alminneleg vil eg tru at samfunnsvitarane kan tena på å vita kva som går føre seg i hovudet til folk. Det kan gjera det lettare for dei å forstå samfunnet, men også gjera det lettare for dei å forstå seg sjølve. Er det psykologiske og genetiske faktorar bak verdiane folk som studerer samfunnet har med seg eller dannar seg i samband med faga? Korleis er hjernen konstruert, kva er det for gods der inne som kan puffa og dra det fagfolk og alle oss andre måtte sjå og høyra på ein slik måte at slutningane vert upresise? Og så vidare.

Men lengre inn i desse fagfelta vågar eg meg ikkje. Om nokon skulle bry seg, ligg eg vel an til å verta seriøst kvista allereie, tenker eg.

4
May

Det er makt i tala

Eg har ofte lagt merke til, at dersom eg, på eit spørsmål der eg ikkje har peiling på svaret, svarar skråsikkert og gjerne med eit tal, så kan eg nokre gonger få spørsmålsstillaren til å verta einig med meg om at eg har rett, sjølv om eg tek feil.

Denne presise observasjonen nyttar eg i mitt stille sinn i all slags samanhangar der presise svar er tingen.

13
Jan

Hørjer

Far min var byggmeister.

Då eg var liten, var eg ofte med han rundt på byggeplassane, og opplevde (følgde med rundt, tok til meg lukta av kaffi på termos i matpausene, praten som gjekk og kallenamna – og luktene av materiala, dei fårlege høgdene, reisverka som kom opp og vart ifylde med isolasjon og påkledde med panel og så vidare) det sosiale livet i arbeidslaga hans.

Seinare, etter at eg hadde byrja på skulen, hadde eg ofte sumarjobb i bedrifta, og lærte sjølv å slå i spikar, setja opp stolpen i reisverk, fella ut plass til vindauge, banka på plass sutak og yttervegger, og så bortetter.

Eg vart kanskje eit slags assosiert medlem i fellesskapen, og kunne følgja med på den litt filosofiske tagnaden i byrjinga av matpausene, utpakkinga av matskivene frå matpapiret, skjenking av kaffi frå termosen og opp i koppane som ellers var påskrudde som lok på termosen. Og samtalen om faglege ting, om vidare planar for arbeidet med bygget – og praten som gjekk, kallenamna dei hadde på kvarandre, vitsane, kommentarar til kvarandre sine særtrekk, historier frå tidlegare bygg og om tidlegare byggherrar.

I arbeidslaga kjende alle til arbeidsoppgåvene sine. I tillegg til at kvar einskild skøytte sitt eige arbeid, følgde dei med på kva dei andre gjorde, og hjelpte til. Denne gjensidige assistansen gjekk nærast på autopilot – når ein kar sette kursen mot den eine enden av ein tung bjelke, ville ein eller fleire av dei andre leggja merke til dette, og setja kursen mot den andre enden av bjelken for å vera med på å løfta. Når bjelken var på plass, ville han venda attende til sitt eige arbeid att, og seinare kanskje ikkje hugsa at han hadde vore med på løftet, om du skulle spørja.

Denne intuitive kjennskapen til kvarandre, og til det kvardagslege arbeidet, strekte seg ut over den konkrete arbeidsplassen, den var noko som kjenneteikna heile den sosiale omgangskretsen til far og arbeidsgjengen i firmaet hans.

Frå oppveksten sin i ei lita jordbruksbygd hadde far ein kompis som hjå han og alle andre gjekk under kallenamnet Berdines.

Ein dag sat eg på med far i bilen hans mellom Ytrebygda, der me budde, og Indrebygda, som var sjølve tettstaden i kommunen. Me tok att Berdines, som sykla same vegen.

Far lyfte handa for å tuta litt med bilhornet på Berdines, som altså hadde ryggen til oss og som heller ikkje læst fylgja med på trafikken rundt seg. Men før handa hans trefte hornet, skvatt Berdines til.

Så Berdines hadde altså kjent att lyden av far sin Morris, og utan vidare skjøna at far var ein som ville finna på å tuta på han eller noko i den dur.

Då eg gjorde far merksam på dette, vart han oppglødd, og gav seg til å snakka om Berdines. Han hadde så mange tankar og ting som han kunne seia om den andre at han nærast bobla over, det var ikkje plass i munnen hans til alt, det heile vart til usamanhangande bobling og glede.

I tillegg til alt anna som kan prega praten i godt lag, hadde folk i kretsen til vår familie og slekt noko dei kalla hørjer. Hørjene var ikkje vitsar, det var ikkje kommentarar til ting som hadde skjedd, det var ikkje informasjon om tilstanden i familien/slekta/firmaet eller slikt. Dei var beskrivingar av situasjonar og hendingar som kunne bidra til å beskriva og utdjupa kjennskapen kvar og ein hadde og delte om andre i kretsen og andre sambygdingar.

Det er vanskeleg for meg å ta att det konkrete innhaldet i hørjene, for eg flytte frå bygda i ganske ung alder for å få ei utdanning. Dermed mista eg den inngående kjennskapen til dei ulike personlegdomane – Kille, Samel, Leiten og mange fleire – som eg trong for at hørjene skulle tena til å utdjupa min eigen kjennskap til desse. Tillike mista eg den felleskjennskapen til arbeid og daglegliv som du får i ei lita bygd når du har same kvardag som alle andre.

Denne felleskjennskapen gjorde naturlegvis samtalen og samhavet mellom folk svært knapp. Eit ord, ein kommentar kunne innehalda mange, mange overlagra meiningar og assosiasjonar, han kunne stempla deg som påliteleg eller upåliteleg, han kunne bidra til andre sine hørjer om deg, og han kunne følgja deg gjennom heile livet.

For å verta ein verdig deltakar i trafikken med hørjer som flaut gjennom bygda var det ikkje nok å bu der til atten års alder. Eg måtte ha budd der til eg var førti-femti år, og hatt eit yrke i bygda som alle andre hadde god kjennskap til, som bonde, tømrar, handverkar, eller kanskje fabrikkarbeidar. Eg måtte ha vorte etablert der, med min personlegdom vel kjent og delt mellom alle sambygdingane. Det vart eg aldri.

Dette er nok ein annan vinkel på det velkjende «bygdedyret» som får unge menneske til å forlata heimstaden for å søka til større miljø. Unge folk si tid er fyld med utdanning, tv, musikk, internettflimmer, kulturstøy, og tida og roa det tek å verta kjend med sambygdingane, arbeidslaget, slektningane deira over ein periode på tjue til førti år, den er der ganske enkelt ikkje. Så dei kjenner seg heller overvaka, innestengd i noko dei ikkje fullt ut forstår, og dei kjenner seg logisk nok friare når dei kjem seg heimanfrå.

Og dermed går dei glipp av slikt som å vera boblande fyld av gleda over å kjenna Berdines.

18
Dec

Fire lover og eit visdomsord

(etter Barry Commoner, Gro Harlem Brundtland, Lenin og David Attenborough)

  1. Alt heng saman med alt. Det finst berre ei økosfære for alt levande, og det som angår ein av organismane der angår også alle andre.
  2. Alt må enda opp ein stad. Det finst ikkje “avfall” i naturen, og det finst ikkje noko “vekk” der ting kan kastast.
  3. Naturen veit best. Menneska har skapt teknologien for å betra naturen, men teknologiske endringar i naturlege system er mest sannsynleg skadelege for systema.
  4. Det finst ingen gratis lunsj. Overutnytting av naturen vil nødvendigvis føre med seg omvandling av ressursar frå brukelege til ubrukelege former.

Den som trur på uendeleg vekst er anten ein galning eller ein økonom.

10
Dec

Kvifor held eg på med dette med Organisasjonen?

Denne bloggen ligg på ein servar som eg har sett på nett av di eg helst vil ha kontroll over mine nettaktivitetar, og sleppa at andre kikkar meg i korta som ikkje har noko med meg å gjera. Eg vil og tilby folk og organisasjonar eg kjenner, og som deler haldningane mine, plass på servaren. Eg vil gjerne sleppa unna kommersen på andre nettstader, og sleppa unna den sleipe overvakinga av meg og mine preferansar som dette fører med seg. Eg vil også at dei andre som også har plass på servaren skal sleppa dette.

Ein av dei tidlege postane mine kom til å verta ei novelle om ein ung og overdrevent nerdete mann som jobba med kjedeleg overvakingsarbeid i ein hemmeleg organisasjon, og hans veg til oppvakning til rikdomen livet har å by på. Eg syntes at eg fekk god dreis på dette.

Det som utløyste oppvakninga, var at denne unge mannen vart sett til å lesa dikt, som eit tiltak for å gje han betre intuisjon for det dei objekta han overvaka dreiv med.

Det verka logisk at ein hemmeleg organisasjon kunne ha utbyte av slik skulering, og det fekk meg først til å tenka på kva for slag organisasjon dette kunne vera. Og seinare til å tenka på om ikkje dette – ein verdsomfemnande, hemmeleg organisasjon – kunne vera til nytte for kloden. Eller kanskje til og med naudturvande for at kloden skal kunna halda fram som brukande ramme for livet på han, oss inklusive.

Og då dukkar spørsmåla opp:

  • Korleis skal denne organisasjonen kunna vera sikra mot å verta overteken av maktmenneske?
  • For at han skal kunna bekjempa det vonde blant menneska, bør han ikkje då tillata at det vonde eksisterer, slik at tiltaka han har til rådvelde er så vel eigna som råd?
  • Kva lover skal gjelda for organisasjonen, og for resten av verda? Lovene må jo følgja prinsipp som det er enkelt å forstå og godta.
  • Korleis skal dei mekanismane vera som tillet han å gripa inn der kor det trengs?
  • Kva skal organisasjonen gjera i tilfelle der ordningar som er kjende og breitt aksepterte i verdssamfunnet (som fritt næringsliv, eller kommunisme) syner seg å vera skadelege?
  • Og så vidare, og så vidare.

Dette blir det litt av ein labyrint av, og eg er berre ein liten bjørn, som lady’en i mitt liv seier. Eg kan gå meg vill i slikt som dette, sjølv om eg er i mi eiga leilighet. Men om eg står fast i ein av labyrinten sine avkrokar, og ikkje kjem meg vidare, kan eg alltids laga meg litt te.