23
Mar

Det enklaste er

Slik vil eg ha det:

Det eg ser er det eg får.

Enkelt og greit, ikkje noko tull! Og med det meste er det slik:

Det eg ser er alt som er.

Noko må eg tenka meg. Og då skal det vera på denne måten:

Lett tenkt er rett tenkt.

Slik er det med den saka. Nå vil eg ut på vegen att. Men først:

Kan eg få ein tank som aldri blir tom og ei blære som aldri blir full, takk?

6
Mar

Langt nok ut heng alt saman

Rolf Jacobsen skreiv at (1)

Hvis du kommer langt nok ut
får du se solen bare som en gnist
i et sluknende bål
hvis du kommer langt nok ut.

Så langt ut har vi kome, sjå berre dette bildet (klikk for å forstørra) av sola (i midten), jorda (somewhere around here …) og Jupiter (2):

Sun sol

Og kjem vi enda lengre ut, kan vi sjå slikt som dette – restane av ei stjerne som har eksplodert, og laga ei støvsky rundt seg. Rart å tenka på: Vi – du, eg, kvalen, olja, heroinen, klorofyllet, granitt, pappvin, bussane til Lualalambo, N’Kangsamba og Calabar (3) … – er slikt stjernestøv, restar etter eksplosjonar som denne (4) for mange milliardar år sidan.

Stjernestøv

Stjerneeksplosjonen skaper ei smørje av grunnstoff – mellom anna, tunge, kompliserte kjernar til grunnstoff som ikkje rakk å bli slegne sund att, av di dei hasta alt for fort bort frå alt som kunne skada dei. Derfor har vi mellom anna uran og plutonium – grunnstoff med så mykje av stjerneenergien igjen i seg at dei kan gjera himmelen mørk av slagg, kasta vinter over oss, gje oss vanskapte born, brenna så skinn og kjøt fell frå krania våre.

Men i dette kan det vera små samanhangar – for når elementærpartiklar rører ved kvarandre, minnest dei berøringa (5).

Og når vi kjem endå lengre ut, lengre ut enn der vi kan sjå galaksa som ein vasspreiar ute av kontroll, så langt ute at vi kjem inn i regionar vi i dag berre kan ana som dimme prikkar frå 13 milliardar år attende, når vi nærmar oss den store smellen, the big bang: Rørte ikkje då alt ved alt? Var det ikkje slik (6):

Alt henger sammen med alt

————————————————————-

(1) Rolf Jacobsen: Pusteøvelse, frå diktsamlinga ved same namn, 1975.

(2) http://physics.stackexchange.com/questions/45898/view-of-the-sun-from-voyager-1

(3) Syner til eit dikt av Rolf Jacobsen: Bussene lengter hjem, frå samlinga Sommeren i gresset, 1956. Sjå t.d. http://www.its-learning.com/content/ebok/www.ebok.no/itsolutions/html/7483___bussene_lengter_hjem__.html.

(4) http://en.wikipedia.org/wiki/Supernova#mediaviewer/File:Keplers_supernova.jpg

(5) http://en.wikipedia.org/wiki/EPR_paradox

(6) Sitat etter Gro Harlem Brundtland. Det er mange referansar til dette, men sjå også denne: http://no.wikiquote.org/wiki/Diskusjon:Gro_Harlem_Brundtland