Om bloggen

Dersom eg ynskjer å seia noko til verda sånn generelt, så seier eg det på denne bloggen.

For å kunna kommentera på postane mine, må du vera registrert som brukar av bloggservaren min. Eg vil berre ha brukarar som har eit eige, fullt og verifiserbart namn. Anonyme brukarar skal det svært mykje til for å godta.

Bloggen er eit arbeid i utvikling. Her heng alt saman med alt. Det betyr at dei siste postane også er dei mest innfløkte, og at det kan være lurt å gå attende til dei tidlegaste innlegga for å få tak i relativt ukompliserte problemstillingar.

Om Organisasjonen: Dette er eit tema eg synest er interessant å tenkja på, og som frå tid til annan byd på tema som har ein viss magnetisme for tankane min. Men det er tvilsamt om eg trur heilt på det.

Førespurnader kan sendast til ibo (krøllalfa) fritekst.no.

Beste helsing

Ingvar Botnen