Hørjer

Far min var byggmeister.

Då eg var liten, var eg ofte med han rundt på byggeplassane, og opplevde (følgde med rundt, tok til meg lukta av kaffi på termos i matpausene, praten som gjekk og kallenamna – og luktene av materiala, dei fårlege høgdene, reisverka som kom opp og vart ifylde med isolasjon og påkledde med panel og så vidare) det sosiale livet i arbeidslaga hans.

Seinare, etter at eg hadde byrja på skulen, hadde eg ofte sumarjobb i bedrifta, og lærte sjølv å slå i spikar, setja opp stolpen i reisverk, fella ut plass til vindauge, banka på plass sutak og yttervegger, og så bortetter.

Eg vart kanskje eit slags assosiert medlem i fellesskapen, og kunne følgja med på den litt filosofiske tagnaden i byrjinga av matpausene, utpakkinga av matskivene frå matpapiret, skjenking av kaffi frå termosen og opp i koppane som ellers var påskrudde som lok på termosen. Og samtalen om faglege ting, om vidare planar for arbeidet med bygget – og praten som gjekk, kallenamna dei hadde på kvarandre, vitsane, kommentarar til kvarandre sine særtrekk, historier frå tidlegare bygg og om tidlegare byggherrar.

I arbeidslaga kjende alle til arbeidsoppgåvene sine. I tillegg til at kvar einskild skøytte sitt eige arbeid, følgde dei med på kva dei andre gjorde, og hjelpte til. Denne gjensidige assistansen gjekk nærast på autopilot – når ein kar sette kursen mot den eine enden av ein tung bjelke, ville ein eller fleire av dei andre leggja merke til dette, og setja kursen mot den andre enden av bjelken for å vera med på å løfta. Når bjelken var på plass, ville han venda attende til sitt eige arbeid att, og seinare kanskje ikkje hugsa at han hadde vore med på løftet, om du skulle spørja.

Denne intuitive kjennskapen til kvarandre, og til det kvardagslege arbeidet, strekte seg ut over den konkrete arbeidsplassen, den var noko som kjenneteikna heile den sosiale omgangskretsen til far og arbeidsgjengen i firmaet hans.

Frå oppveksten sin i ei lita jordbruksbygd hadde far ein kompis som hjå han og alle andre gjekk under kallenamnet Berdines.

Ein dag sat eg på med far i bilen hans mellom Ytrebygda, der me budde, og Indrebygda, som var sjølve tettstaden i kommunen. Me tok att Berdines, som sykla same vegen.

Far lyfte handa for å tuta litt med bilhornet på Berdines, som altså hadde ryggen til oss og som heller ikkje læst fylgja med på trafikken rundt seg. Men før handa hans trefte hornet, skvatt Berdines til.

Så Berdines hadde altså kjent att lyden av far sin Morris, og utan vidare skjøna at far var ein som ville finna på å tuta på han eller noko i den dur.

Då eg gjorde far merksam på dette, vart han oppglødd, og gav seg til å snakka om Berdines. Han hadde så mange tankar og ting som han kunne seia om den andre at han nærast bobla over, det var ikkje plass i munnen hans til alt, det heile vart til usamanhangande bobling og glede.

I tillegg til alt anna som kan prega praten i godt lag, hadde folk i kretsen til vår familie og slekt noko dei kalla hørjer. Hørjene var ikkje vitsar, det var ikkje kommentarar til ting som hadde skjedd, det var ikkje informasjon om tilstanden i familien/slekta/firmaet eller slikt. Dei var beskrivingar av situasjonar og hendingar som kunne bidra til å beskriva og utdjupa kjennskapen kvar og ein hadde og delte om andre i kretsen og andre sambygdingar.

Det er vanskeleg for meg å ta att det konkrete innhaldet i hørjene, for eg flytte frå bygda i ganske ung alder for å få ei utdanning. Dermed mista eg den inngående kjennskapen til dei ulike personlegdomane – Kille, Samel, Leiten og mange fleire – som eg trong for at hørjene skulle tena til å utdjupa min eigen kjennskap til desse. Tillike mista eg den felleskjennskapen til arbeid og daglegliv som du får i ei lita bygd når du har same kvardag som alle andre.

Denne felleskjennskapen gjorde naturlegvis samtalen og samhavet mellom folk svært knapp. Eit ord, ein kommentar kunne innehalda mange, mange overlagra meiningar og assosiasjonar, han kunne stempla deg som påliteleg eller upåliteleg, han kunne bidra til andre sine hørjer om deg, og han kunne følgja deg gjennom heile livet.

For å verta ein verdig deltakar i trafikken med hørjer som flaut gjennom bygda var det ikkje nok å bu der til atten års alder. Eg måtte ha budd der til eg var førti-femti år, og hatt eit yrke i bygda som alle andre hadde god kjennskap til, som bonde, tømrar, handverkar, eller kanskje fabrikkarbeidar. Eg måtte ha vorte etablert der, med min personlegdom vel kjent og delt mellom alle sambygdingane. Det vart eg aldri.

Dette er nok ein annan vinkel på det velkjende «bygdedyret» som får unge menneske til å forlata heimstaden for å søka til større miljø. Unge folk si tid er fyld med utdanning, tv, musikk, internettflimmer, kulturstøy, og tida og roa det tek å verta kjend med sambygdingane, arbeidslaget, slektningane deira over ein periode på tjue til førti år, den er der ganske enkelt ikkje. Så dei kjenner seg heller overvaka, innestengd i noko dei ikkje fullt ut forstår, og dei kjenner seg logisk nok friare når dei kjem seg heimanfrå.

Og dermed går dei glipp av slikt som å vera boblande fyld av gleda over å kjenna Berdines.