19
Dec

IT i NAV

NAV, den statlege delen av det, har eg jobba i, lenge. Nå er det oppstandelse om IT-systema til NAV, og om millionar og milliardar som har gått fløyten.

Bak milliardløyvingane ligg ei tru på at “ny teknologi” vil gjera NAV meir effektivt. Som døme på kor antikvert NAV er, vert det gjerne trukke fram at NAV har eit datasystem, Infotrygd, som er 20-30 år gamalt. Systemet vart laga før IT-verda vart invadert av klikk og mus.

Expert og Lefdal er namnet på to dingsbomsbutikkar som eg stundom vitjar. Dei unge mennene som sel greier der er raske og effektive til å finna ut lagerstatus på ting dei har i sortimentet, registrera kjøp osv. Men datasystemet dei brukar er tydeleg noko dei to bedriftene har fått laga før museinvasjonen!

Dei konkurranseutsette, effektivitetsjagande butikkjedane Expert og Lefdal har altså ikkje sett seg tent med å byta til noko meir moderne frå eit datasystem som heilt klårt er antikt.

Antikk IT i effektiv butikk

Antikk IT i effektiv butikk

Det sistaste siste innan IT, innført rund baut i NAV, vil eg tru kanskje kan betra produktiviteten med nokre få prosent, kanskje tre-fire. Rett nok brukar dei tilsette datasystema heile dagen, men det er lite av denne tida som går med til å løysa problem som har å gjera med at systema er gamle, eller at det er fleire ulike system som ikkje er på så god talefot.

Det kan vera eit større problem at dei som spesifiserar og utviklar programvaren ikkje har med seg kunnskap om kva for eigenskapar ved IT-system som stel tid i NAV si førstelinje. Dette skuldast gjerne at dei etatstilsette som arbeider med å spesifisera systema er sosialiserte inn i eit utviklar- og konsulentstyrt miljø, der tilhøva for saksbehandlarane i første- og andrelinja ikkje har så stor vekt. Utviklarane har garantert aldri vore saksbehandlarar.

Til dømes: Det første som kjem opp når du søker opp ein person i førstelinja sitt Arena-system er adressa til vedkomande. Men det første du treng å vita er ikkje å vita kvar folk bur, når dei er rett framfor deg. Det du treng er ein oversikt over kva saker vedkomande har med NAV!

Arena sitt brukargrensesnitt er laga av eksterne konsulentar utan erfaring med, eller vilje til å setja seg inn i, kva første- og andrelinja treng, og derfor er systemet meir tungvint enn det treng å vera. Konsulentbruken fungerer som ein utslagsvask for pengar i NAV.

Då eg jobba i IT-kontoret i etaten, rekna eg på kva som ville vera ei god blanding av å ha eigne tilsette og konsulentar, gitt eit behov for arbeidskraft som varierte med prosjektfasane. Eg kom til at gitt forskjellen i timeløn mellom fast tilsette og konsulentar, og gitt at ein heldt seg til eit begrensa sett av teknologiar slik at behovet for utskiftingar og opplæring i staben vart minst råd, var den optimale storleiken på den faste staben 60-70 % av toppbehovet.

Tendensen var nok ikkje å satsa på å skaffa seg ein god stab som kjente til kva det er å vera saksbehandlar, men å halda konsulentar som husnissar. Grunnen til det er at systema vart spesifiserte som frittståande prosjekt, som den som fekk tilslaget bygde med dei verktya dei hadde. Dermed vart systema ulike kvarandre, og sidan det ikkje fantest intern kompetanse i etaten på teknologien som var brukt, måtte konsulentar leigast inn til drift og vidareutvikling.

Satsing på ein fast tilsett stab med interesse for arbeidstilhøva i første- og andrelinja, og bruk av eit begrensa og nøye utvald system av utviklingsverkty trur eg er god hjelp til å få sett proppen i utslagsvasken.

18
Dec

Eg veit ikkje, eg

For at hovudet skal sleppa å vita kva halen held på med, må eg flyga svært fort. Skal tru om lyshastigheita er nok?

Slik halsing er stressande, men til all lukke har eg gravitasjonen, slik at eg kan flyga i ring.

Då veit eg ikkje om eg har teke halen att ein eller fleire gonger, så kunnskapsmangelen er der ennå.

Men eg har ein stabil situasjon: nullpunkta mine ligg i ro.

17
Dec

IKKJE. TAL VEDUNDERLEGE

Teljekantar. Rapporteringsplikt. New Public Management (NPM). Resultatoppnåing. Brukartilfredsheit. Forsvarleg saksgong. Likheit.

Er det truleg at folk og byråkratar får betre liv av å få instrument – skjema, undersøkingar, brukarpanel, konsulentutgreiingar, rapporteringsplikt, … –  inn i heim og kontor som skal måla slikt som dette?

For å vita om folk får betre liv, treng vi tal.

Fram med elektrodane!

17
Dec

OVNSBAKT RAUD TRÅD

Anerkjenning var det eg venta, då eg synte bloggen min til mi lady over alle ladies her om dagen.

Men skriveria mine vart sabla ned! Her var det mangel på indre samanhang. Setningane vakla mellom å vera for enkle og for vanskelege. Språket var inkonsistent!

Dette let eg ikkje passera.

Frå nå av: Det er uviktig at det store biletet er feil, berre detaljane er rette. Eller, på ein annan måte: Du veit ikkje kvar det endar før det endar.

Denne retningslina kjem eg til å følgja, like til eg forlet henne, eller ho forlet meg.

Overskrifta syner både til dette med å ha ein raud tråd, og til ordtaket om at ingen veit kvar haren hoppar.