Kvifor held eg på med dette med Organisasjonen?

Denne bloggen ligg på ein servar som eg har sett på nett av di eg helst vil ha kontroll over mine nettaktivitetar, og sleppa at andre kikkar meg i korta som ikkje har noko med meg å gjera. Eg vil og tilby folk og organisasjonar eg kjenner, og som deler haldningane mine, plass på servaren. Eg vil gjerne sleppa unna kommersen på andre nettstader, og sleppa unna den sleipe overvakinga av meg og mine preferansar som dette fører med seg. Eg vil også at dei andre som også har plass på servaren skal sleppa dette.

Ein av dei tidlege postane mine kom til å verta ei novelle om ein ung og overdrevent nerdete mann som jobba med kjedeleg overvakingsarbeid i ein hemmeleg organisasjon, og hans veg til oppvakning til rikdomen livet har å by på. Eg syntes at eg fekk god dreis på dette.

Det som utløyste oppvakninga, var at denne unge mannen vart sett til å lesa dikt, som eit tiltak for å gje han betre intuisjon for det dei objekta han overvaka dreiv med.

Det verka logisk at ein hemmeleg organisasjon kunne ha utbyte av slik skulering, og det fekk meg først til å tenka på kva for slag organisasjon dette kunne vera. Og seinare til å tenka på om ikkje dette – ein verdsomfemnande, hemmeleg organisasjon – kunne vera til nytte for kloden. Eller kanskje til og med naudturvande for at kloden skal kunna halda fram som brukande ramme for livet på han, oss inklusive.

Og då dukkar spørsmåla opp:

  • Korleis skal denne organisasjonen kunna vera sikra mot å verta overteken av maktmenneske?
  • For at han skal kunna bekjempa det vonde blant menneska, bør han ikkje då tillata at det vonde eksisterer, slik at tiltaka han har til rådvelde er så vel eigna som råd?
  • Kva lover skal gjelda for organisasjonen, og for resten av verda? Lovene må jo følgja prinsipp som det er enkelt å forstå og godta.
  • Korleis skal dei mekanismane vera som tillet han å gripa inn der kor det trengs?
  • Kva skal organisasjonen gjera i tilfelle der ordningar som er kjende og breitt aksepterte i verdssamfunnet (som fritt næringsliv, eller kommunisme) syner seg å vera skadelege?
  • Og så vidare, og så vidare.

Dette blir det litt av ein labyrint av, og eg er berre ein liten bjørn, som lady’en i mitt liv seier. Eg kan gå meg vill i slikt som dette, sjølv om eg er i mi eiga leilighet. Men om eg står fast i ein av labyrinten sine avkrokar, og ikkje kjem meg vidare, kan eg alltids laga meg litt te.