Kunstig intelligens og robotar

Nå for tida er det mykje snakk om at kunstig intelligens og robotar i framtida kjem til å gjera arbeidsløysa til eit mykje større problem enn tilfelle er nå. Bilane kjem til å køyra utan sjåførar, robotar kjem til å stella dei gamle på gamleheimane, juridiske problem kan løysast utan at menneske er innblanda, på same viset kan avgjerder om investering eller ikkje i nye produksjonsanlegg og utvikling av nye varer gjerast utan menneskeleg innblanding, og meteorologane er på veg til å døy ut som yrkesgruppe, med unntak av dei som står på skjermen og fortel kva datamaskinene har kome fram til.

Drivkrafta bak dette er sjølvsagt at dei som eig produksjonsmidla for varer og tenester gjerne vil driva ned lønsutgiftene – robotar og kunstig intelligens er jo både rimeleg og påliteleg arbeidskraft samanlikna med menneske, må vite. Og dei har ikkje fagforeiningar – eigaren sin styringsrett er total.

Og her er eit problem: Det er jo menneska som er kundane, og som gjennom det syter for at det er ein grunn til at desse varene og tenestene vert produserte. Men dersom lønsutbetalingane går ned, vert det færre som kan kjøpa varer og tenester … og heile det økonomiske systemet med produksjon og konsum som drivkrefter kjem inn i ein dødsspiral, kan det sjå ut til.

Og problemet har ei løysing, som eg er ganske sikker på ganske snart vil verta oppdaga av økonomane. Denne løysinga er sjølvsagt å utvikla robotar med ein passande kunstig intelligens som kan gjera jobben som kundar og konsumentar. Det finst jo vel etablerte teoriar og modellar omkring korleis marknadane fungerer, og eg er trygg på at dette let seg bygga inn i gode robotalgoritmer for produksjon og konsum. 

Så vi går altså mot ei framtid der både produksjon, konsum, investeringar og jussen relatert til alt dette er frie frå menneskeleg innblanding. Så, om vi ser bort frå implikasjonane dette måtte få for vanlege lønsmottakarar og samfunnsborgarar ellers:  dette skulle jo gi store og trygge framtidige inntekter for dei som eig produksjonsmidlane, eller kva?