23
Sep

Er det ikkje paradoksalt?

For at vi skal kunna kjenna att vondskapen, vera førebudde på å møta han, og ha verkemiddel til å stansa han, treng vi å ha han mellom oss. Han må vera ein realitet for oss!

Når vondskapen må vera mellom oss og tilstades, vert spørsmålet korleis vi skal avgrensa han – korleis vi skal syta for at han har så lite omfang som råd, og samstundes vera så synleg at folk kan kjenna han att og vera budde på å møta han?

Vi treng konfliktar som er geografisk avgrensa for å få til dette. Områda som er råka må vera så små som mulig, dei uskuldige som vert råka må vera så få som råd. Samstundes må dei som har ein naturleg disposisjon for å utøva vondskap trekkast til desse områda, og der syta for ein avgang frå sine rekker som er størst råd – utan at dei utryddar seg sjølve.

Til å syta for at valdelege konfliktar som er så små som det let seg gjera vert forstørra, så dei trekker til seg individ som er disponerte for utøving av vondskap og mobiliserer vilje til mottiltak mellom dei som ikkje har denne disposisjonen, har vi media. Dei forstørrar valdsbruken, og syter for den smitteeffekten til disponerte individ som trengs.

Vi som styrer Organisasjonen har oppgåva med å syta for denne minimaliseringa av omfanget til vondskapen. Vi må vera til stades der potensialet finst, og gjera våre disposisjoner. Og vi må ha teknisk støtte, komplettert med menneskeleg intuisjon, slik vi kan vera der det trengst. Berre slik kan vi styra mot ein god balanse mellom godt og vondt.

Dette er ikkje så lett, for det er grovt sett tre dynamikkar som styrer utviklinga til menneskesamfunnet. (Å seia at det er skreve bindsterke verk om dette, eller å omtala omfanget av tenkinga kring det følgjande på andre måtar, vil i så godt som alle samanhangar vera store underdrivingar, om eg må få uttrykka meg på ein paradoksal måte. Men eit samandrag trengst, og eg tek sats og nemner dei: )

  1. Samarbeid, samvær, sosialitet,
  2. konkurranse,
  3. utnytting/rovdrift/rov.

Dynamikk nr. 1 er den som er mest i samsvar med det gode. Manglar dette i individet sitt liv, vil dei aller fleste meina at dette er eit liv lite verdt å leva.

Dynamikk nr. 2 vert av mange sett på som den viktigaste drivkrafta i samfunnet, som det som motiverer oss til anstrengingar, og som gjennom dette gjer ressursar tilgjengelege som vi ellers ikkje ville kunna nyta godt av.

Men det er langt frå sikkert at konkurranse er ei eintydig velsigning – er vi så opptekne med konkurranse at merksemda vår førsømer andre forhold, risikerer vi at vi sklir over i dynamikk nr. 3: Rovdrift på taparar i konkurransen, overutnytting av ressursar, krig som ei form som konkurranse.

Så vi som gjev styringsimpulsar til Organisasjonen har ei vanskeleg skjønnsutøving å stella med. Det er derfor vondskapen, sadismen, drapslysta, psykopatien må vera der. Mørkret må vera der, klårt for oss å sjå.