14
Jan

Tenk ikkje for hardt

Hest

Fjordingen går støtt i ura, ser framover, planlegg korleis han skal gå – over gneis, granitt, former og strukturar som er hundrevis av millionar år gamle.

Formene kan vi passa saman, vi kan bu i dei.

steinbu fjell

Vi har valget: Byggja perfekt, eller
la det vera rom for denne:

Røyskatt

10
Jan

Politikk

Eg vil ikkje

Eg vil ikkje nå

Eg vil ikkje på det nåverande tidspunktet

Eg vil ikkje for dette har blitt retta på

Eg vil ikkje, for andre vil ikkje

Eg vil ikkje i dag

Eg vil ikkje, avdi det er så slitsamt

Eg vil ikkje, sidan eg ikkje har noko igjen  for det

kanskje

jo

mulig

eg ikkje vil vera så forbanna lett å overtala.

18
Dec

Eg veit ikkje, eg

For at hovudet skal sleppa å vita kva halen held på med, må eg flyga svært fort. Skal tru om lyshastigheita er nok?

Slik halsing er stressande, men til all lukke har eg gravitasjonen, slik at eg kan flyga i ring.

Då veit eg ikkje om eg har teke halen att ein eller fleire gonger, så kunnskapsmangelen er der ennå.

Men eg har ein stabil situasjon: nullpunkta mine ligg i ro.

17
Dec

IKKJE. TAL VEDUNDERLEGE

Teljekantar. Rapporteringsplikt. New Public Management (NPM). Resultatoppnåing. Brukartilfredsheit. Forsvarleg saksgong. Likheit.

Er det truleg at folk og byråkratar får betre liv av å få instrument – skjema, undersøkingar, brukarpanel, konsulentutgreiingar, rapporteringsplikt, … –  inn i heim og kontor som skal måla slikt som dette?

For å vita om folk får betre liv, treng vi tal.

Fram med elektrodane!

17
Dec

OVNSBAKT RAUD TRÅD

Anerkjenning var det eg venta, då eg synte bloggen min til mi lady over alle ladies her om dagen.

Men skriveria mine vart sabla ned! Her var det mangel på indre samanhang. Setningane vakla mellom å vera for enkle og for vanskelege. Språket var inkonsistent!

Dette let eg ikkje passera.

Frå nå av: Det er uviktig at det store biletet er feil, berre detaljane er rette. Eller, på ein annan måte: Du veit ikkje kvar det endar før det endar.

Denne retningslina kjem eg til å følgja, like til eg forlet henne, eller ho forlet meg.

Overskrifta syner både til dette med å ha ein raud tråd, og til ordtaket om at ingen veit kvar haren hoppar.