(etter Barry Commoner, Gro Harlem Brundtland, Lenin og David Attenborough)
- Alt heng saman med alt. Det finst berre ei økosfære for alt levande, og det som angår ein av organismane der angår også alle andre.
- Alt må enda opp ein stad. Det finst ikkje “avfall” i naturen, og det finst ikkje noko “vekk” der ting kan kastast.
- Naturen veit best. Menneska har skapt teknologien for å betra naturen, men teknologiske endringar i naturlege system er mest sannsynleg skadelege for systema.
- Det finst ingen gratis lunsj. Overutnytting av naturen vil nødvendigvis føre med seg omvandling av ressursar frå brukelege til ubrukelege former.
Den som trur på uendeleg vekst er anten ein galning eller ein økonom.