Hansen og Olsen i tottane på kvarandre

I oasen Varmekrok, langt inne i ørkenen ein stad, bur det ei gruppe menneske som har flykta frå dei blåsande, kalde, mørke – ja, reint ut sagt hyperboreiske – tilhøva nord på kloden, og til varmare strøk. Her livnærer dei seg av pensjonar dei får frå heimlandet, og av å klippa håret på kvarandre.

Varmekrok kan eksistera fordi det for nokre år sidan vart funne vatn i grunnen under staden. To entreprenørar med kvar sitt firma, Hansen og Olsen, bygde ut staden, og begge slo seg til der etter at dei hadde lagt ned entreprenørverksemdene sine, for så å livnæra seg på å selja vatn til dei andre innbyggjarane og ellers for å leva gode liv. Og ingen andre innbyggjarar enn Hansen og Olsen kunne koma til vasskjelda, dei hadde sikra seg det.

Hansen og Olsen hadde brukt så mange triks i forretningane seg i mellom at dei ikkje var på talefot. Omtala du Hansen for Olsen, var responsen foraktelege fnys, og vise versa. Så prissetjinga på vatnet som Hansen leverte skjedde utan rådføring med Olsen, og vise versa. Men uansett, dei hadde enda opp med likt utstyr for å pumpa opp og distribuera vatnet, og dei var like innstilte på at dei skulle ha godt betalt for det. Med andre ord: dei var heilt like konkurrentar.

Hansen og Olsen selde vatn som kosta ein euro per 100 liter til innbyggjarane i Varmekrok. Dette gav kvar av dei ei årleg inntekt på 10 000 euro – eit beløp dei begge tykte var snaut. Men dei andre innbyggjarane likte prisen – dei kunne fylla badebassenga sine utan at det kosta skjorta, dei kunne vaska opp og dusja seg, dei kunne i det heile teke leva som i gamlelandet. Og dagen lang sola dei seg på solsengene sine ved bassengkanten, og heile kveldane til ende hadde dei gode måltid, fredeleg passiar og innimellom også allsang i restaurantane og kneipene på staden.

Frå tid til annan tenkte Hansen på å dobla prisen på vatnet han selde til to euro per 100 liter. Men han slo det frå seg. Om Olsen då heldt fram med å selja vatnet til ein euro, ville han få sine inntekter auka til 15 000 euro på grunn av auka etterspurnad, medan Hansen nærmast ville gå bankerott! Nei det var ikkje å tenka på. Og å snakka med Olsen om prissetjinga kom ikkje på tale, han ville ikkje utsetja seg for fleire av knepa til den lurvetassen.

Olsen tenkte på same viset.

Og slik heldt det fram, sjølv om begge var klåre over at om dei begge sette opp prisen frå ein til to euro, ville kvar av dei få ei årleg inntekt på omkring 17 000 euro! (Og ikkje 20 000 euro, avdi etterspurnaden går ned når prisen går opp.)

Innbyggjarane i Varmekrok var glade for denne situasjonen, som gav dei rimeleg vatn, grøne og fine plenar, svale lundar, dadlar og sitrusfrukter frå trea – i det heile teke, eit godt liv med late dagar ved bassengkanten, god mat, passiar, og innimellom til og med allsang.

Nå er det på tide å gjera merksam på at hovudpersonen i denne soga ikkje er den du skulle tru. Hovudpersonen er ikkje Hansen, ikkje Olsen, og ikkje nokon av dei andre av innbyggjarane heller.

Hovudpersonen er vatnet.

Vatnet hadde lege lenge nede i undergrunnen, i porane i steinlaga der, og kjemisk symbiose med med sandstein, konglomerat, basalt, natrium, klor, silikat, arsenikk, bly, og mykje anna rart. Det hadde lege der sidan tider då det rann elvar ute i det som nå var eit aude sandhav, ei tid då det var eit grasfylt sletteland med sjiraffar, antiloper, krokodillar og flodhest. Noke av dette vatnet kunne nok siga unna langs uransakelege vegar gjennom geologien langt nede, men på den andre sida kunne det koma kraftige regnbyger i området med ein tjue til hundre års mellomrom, og slik vart det til ei fornying også.

Men så kom altså Hansen og Olsen. Dei pumpa vatnet opp og fordelte det til dei andre nøgde hyperborearane, som i sin tur fordelte det rundt på sine badebasseng, planter og vekstar. Og frå badebasseng, planter og vekstar fordampa vatnet, før det kunne siva tilbake ned gjennom berglaga til sine gamle gøymestader.

Ok, så fordampa mykje av vatnet, det forsvann fortare enn det fornya seg. Det var ikkje nok vatn som vende attende til at det kunne få med seg dei oppløyste substansane som det hadde hatt med seg opp frå djupet. Salta vart liggjande att i plenane, rundt rotsystema til trea, i avlaupsrøyra. Dei skapte problem, dei snudde landskapet frå å vera grønt og frodig til å vera prega av halvbrune busker og tuster som stakk opp mellom kvite saltkaker. Og det vatnet Hansen og Olsen fekk tak i vart saltare og beiskare år for år, slik at dei som hadde budd lenge i Varmekrok vart tunge og letargiske av giftstoffa som infiltrerte kroppane deira.

Smått om senn gjekk det opp for Varmekrøkkene (dei tok til å kalla seg det) at ikkje alt var som det skulle vera i idyllen deira. Dei tok til å forstå at vasskjeldene var overutnytta. Det sat langt inne, dette, dei ville heller driva med sitt som før, men temaet sneik seg oftare og oftare inn i den ellers fredelege passiaren. Dei spurde seg om ikkje dette var noko Hansen og Olsen skulle ha visst då dei sette i gong utbyggjinga. Dei tok til å stilla spørsmål til Hansen og Olsen om kvaliteten på leveransane, men dei to uvenene ville ikkje vera med på at dei gjorde noko gale. Entreprenørane gjorde tvert om fellesskapet ei teneste, meinte dei begge, sidan dei sørga for vassforsyningar som var rimelegare og større enn sunn forretningsdrift skulle tilseia. At vasskvaliteten kunne endra seg kunne ikkje dei vita, dei var jo som folk flest, berre meir foretaksame.

Og innbyggjarane måtte vera einige i at jo, den frie konkurransen mellom dei to leverandørane hadde gjeve rimeleg vatn i rikelege mengder. Dei hadde stor respekt for desse mekanismene. Det var berre så synd at konkurransen mellom Hansen og Olsen hadde gjeve saltkaker og ulevelege tilhøve som resultat, dei måtte med sorg innsjå dette.

Så nå var spørsmålet kva krøkkene skulle gjera. Skulle dei gjera revolusjon, avprivatisera vassleveransane og gje dei til fellesskapen i form av eit vassmonopol? Nei, slik var jo sosialisme, dei likte ikkje den muligheta. Eller skulle dei innføra lover som regulerte til dømes storleiken på uttaket av vatn, og/eller gav pålegg om reinsing av det?

Kontroll var naudsynt både for å syta for at vassmonopolet ikkje utnytta posisjonen sin, og/eller for at reguleringane vart etterlevde. Men korleis skulle dei kunna ha tillit til at monopolet heldt seg i skinnet eller at reguleringane vart følgde opp, når dei hadde til felles at dei ikkje ville vita av nokon kontroll? Kanskje dei trong ein Organisasjon som sytte for å setja grenser for vassuttaket og for at det frie initiativet dei sette slik pris på, utan at dei merka så mykje til det?