Ein vaklevorent underbygga teori for vår tid

I Oslo var det ein gong ein organisasjon ved namn Oslo taxi som hadde monopol på drosjedrift i byen. Drosjetilbodet var der, drosjene var stort sett bilar av typen Mercedes, dei var blanke og fine, og det heile fungerte ganske bra. Det var i alle fall ikkje mykje klaging på drosjetilbodet – utanom i julebordsesongen, då.

Men så vart det åpna for konkurranse i drosjekjøringa i Oslo.

Då skulle ein venta at kvaliteten på tilbodet gjekk opp, og prisane ned, i følgje Adam Smith m. fl. Men skjedde det? Tja. Det ser ut til at kvaliteten på taxiane har gått ned, drosjane er ikkje så velhaldne og dei manglar det lett luksuriøse Mercedes-preget, sjåførane får yrkesrelaterte plager i større grad enn før (trur eg, ut frå at eg har arbeida i NAV si førstelinje), og prisane på tenestene har gått opp.

På bakgrunn av denne lett upålitelege observasjonen skal eg kome med ein vaklevoren (?) teori, som er at marknaden for drosjeturar er ein knapp fornybar ressurs som kan overbelastast. Då kan vi snakka om ein ålmenningstragedie.

Ålmenningstragedia går omlag slik: Vi har ein ålmenning, la oss seie eit fjellbeite, der alle bønder i nærleiken kan sleppa dyra sine på beite om sommaren. Om nå beitet er utnytta slik at det gir maksimal avkasting, og ein av bøndene slepper eit dyr til ut på beitet, så tener den eine bonden på dette – han får auka overskot frå buskapen sin – medan den samla avkastninga til alle bøndene går ned, av di det vert større konkurranse om graset på beitet, meir uro blant dyra, større slitasje på graset og mindre gras, dyra vert magrare osb.

Marknaden for drosjeturar liknar litt på dette, trur eg. Men i staden for at graset er ein begrensa ressurs, er det her kundane som er ein begrensa ressurs, og som får dårlegare tenester. Ein skulle tru at marknaden – kunde”graset” – her skulle kunna berga situasjonen. Men ein kunde som står og frys og har dårleg tid vil vel ikkje velja ein annan drosje, om den første som byr seg ikkje er av den kvaliteten og den prisen som han ønskar seg. Dermed blir det så som så med press på prisar og kvalitet, og det går ut over kundane.

Dette er ikkje som marknaden for slips. Går du inn i ein slipsbutikk, vil du kunna velja mellom tylappar med all slags mønster og kvalitet, og finn du ikkje noko som matchar deg og personlegdomen din, kan du entra ein annan butikk, og sjå om du ikkje finn noko betre der.

Slik får du eit fint slips.