Om framveksten av Organisasjonen

Du undrast korleis eit styre av verda vår, som den som tidlegare posten her nemnde, kan oppstå? Det har ein logisk samanhang, som går slik:

  1. For å få bukt med uransakelige pengestraumar i verdsøkonomien, vart ei gruppe land samde om å samordne skatteinnkrevjinga, og om å gjera bruk av elektroniske betalingsmiddel obligatorisk, slik at alle pengeoverføringar kunne følgjast i detalj. I tillegg kom ei rekke andre åtgjerder, alle gjorde mogelege gjennom framveksten av tinga sitt internett.
  2. Desse landa vart óg samde om å freista gjera minst råd alle utgifter som skuldast manglande tillit i samfunnet – vektarar, politi, tidsbruk på rapportering m.m. Dette som lekk i arbeid med å få verdiskapinga størst råd. Dei fann at omfordeling av inntekter, sikring av minsteinntekt, progressive skattar og liknande var med på å auka denne.
  3. Sidan dette var vellukka, hengde andre land seg på samarbeidet. Når gruppa av samarbeidande land vart stor nok, byrja ho å stilla krav til og å komma med trugsmål om sanksjonar mot land som ikkje ville samarbeida. Til slutt kom skattesamarbeidet til å omfatta heile kloden.
  4. Ei verd med lite konflikt og vald er ei verd fyld av mogelegheiter for dei som ikkje skyr vald og konflikt, for dei som kan tenka seg å bruka vald og tvang for å skaffa seg makt og goder, for å hemna reelle og innbilte krenkingar, eller fordi dei held seg til trusretningar på ein slik måte at respekten for liv er mindre enn ynsket om å bevara og styrka trua. Med utgangspunkt i data innsamla frå internettet vart det sett i gong førebyggjande deteksjon av slike tendensar, og maktmidla til statane vart samordna i den grad det var turvande i denne samanhangen.
  5. Det vart sett i gong eit evolusjonært arbeid med å finna dei individa som best kunne samarbeida og treffa dei avgjerdene som var best for å få så mykje velferd som råd, og så lite valdsbruk som råd. Til slutt fann ein at dei beste råda kom frå ei lita gruppe som hadde erfart på kroppen det verste i menneskenaturen, men som likevel elska menneska og kunne tenka klårt på korleis ein kan førebyggja vondskap og skapa eit godt verdssamfunn. Denne gruppa er nå i praksis leiinga i Organisasjonen.

(Dette ligg langt inn i framtida. Men likevel: Eg hadde berre lyst til å nemna det.)