Du undrast korleis eit styre av verda vår, som den som tidlegare posten her nemnde, kan oppstå? Det har ein logisk samanhang, som går slik:
- For å få bukt med uransakelige pengestraumar i verdsøkonomien, vart ei gruppe land samde om å samordne skatteinnkrevjinga, og om å gjera bruk av elektroniske betalingsmiddel obligatorisk, slik at alle pengeoverføringar kunne følgjast i detalj. I tillegg kom ei rekke andre åtgjerder, alle gjorde mogelege gjennom framveksten av tinga sitt internett.
- Desse landa vart óg samde om å freista gjera minst råd alle utgifter som skuldast manglande tillit i samfunnet – vektarar, politi, tidsbruk på rapportering m.m. Dette som lekk i arbeid med å få verdiskapinga størst råd. Dei fann at omfordeling av inntekter, sikring av minsteinntekt, progressive skattar og liknande var med på å auka denne.
- Sidan dette var vellukka, hengde andre land seg på samarbeidet. Når gruppa av samarbeidande land vart stor nok, byrja ho å stilla krav til og å komma med trugsmål om sanksjonar mot land som ikkje ville samarbeida. Til slutt kom skattesamarbeidet til å omfatta heile kloden.
- Ei verd med lite konflikt og vald er ei verd fyld av mogelegheiter for dei som ikkje skyr vald og konflikt, for dei som kan tenka seg å bruka vald og tvang for å skaffa seg makt og goder, for å hemna reelle og innbilte krenkingar, eller fordi dei held seg til trusretningar på ein slik måte at respekten for liv er mindre enn ynsket om å bevara og styrka trua. Med utgangspunkt i data innsamla frå internettet vart det sett i gong førebyggjande deteksjon av slike tendensar, og maktmidla til statane vart samordna i den grad det var turvande i denne samanhangen.
- Det vart sett i gong eit evolusjonært arbeid med å finna dei individa som best kunne samarbeida og treffa dei avgjerdene som var best for å få så mykje velferd som råd, og så lite valdsbruk som råd. Til slutt fann ein at dei beste råda kom frå ei lita gruppe som hadde erfart på kroppen det verste i menneskenaturen, men som likevel elska menneska og kunne tenka klårt på korleis ein kan førebyggja vondskap og skapa eit godt verdssamfunn. Denne gruppa er nå i praksis leiinga i Organisasjonen.
(Dette ligg langt inn i framtida. Men likevel: Eg hadde berre lyst til å nemna det.)