Verdsfemnande glede

Det er mangt som verkar fremjande på fred og samarbeid, og eg reknar opp nokre faktorar, i omtrentleg rekkefølgje med det viktigaste først (*):

  1. Venleg handel. Dersom du og eg kan byta varer slik at vi begge kjem betre ut av det, og utan å ty til rov og vald av noko slag med tilhøyrande risiko, er det sannsynleg at vi vil velja den fredelege og venlege handelen framfor det vonde. (Men sidan eg ikkje alltid kjenner deg så godt, og du ikkje meg, så er det slik at for å få til dette, treng vi ein grunnleggjande tillit til ingen av oss vert utnytta. Så handelen må finna stad under samfunnstilhøve der den grunnleggjande tilliten vert støtta opp med sanksjonar, slik at det ikkje er så lett å sleppa unna med misbruk av og svik mot tilliten.)
  2. Demokrati. Folkestyret gjev alle eit høve til å vere med på å bestemma retninga til samfunna dei er avhengige av, og gjev i tillegg deltakarane trening i å arbeida for saker dei trur på, og i å forhandla seg fram til løysingar. (Og det seier seg sjølv: Folk må støtta opp om folkestyret. Ein føresetnad her er igjen tillit til at vala går rett føre seg, tillit til at dei som er kandidatar til verv evnar å forstå kva folk ynskjer seg frå dei, tillit til at det ikkje er skjulte mekanismar som gjer ein illusjon av folket sin innverknad på styret, tillit til at dei ikkje kan verta straffa på nokon måte for å bruka sine kunnskapar og sin intuisjon fritt når dei bestemmer seg for kven dei vil stø.)
  3. Eit rettssamfunn. (Folk må ha tillit til at m.a. tillitsbrot i samband med handel og demokrati vert straffa.)

Anna som kan fremja fred kan også nemnast, om ikkje for anna, så for å få ei meir fullstendig liste:

  • Dei som har viktige verv må vera gode føredøme og gode pedagogar,
  • Kvinner må ha makt, sidan dei ikkje tyr til vald like lett som menn,
  • Kunnskap må vera tilgjengeleg gjennom internett, publikasjonar, forsking, reiser og utdanning
  • Det må finnast godt om arbeid, og unge menneske, særleg unge menn, må kunna danna og forsørga eigne familiar
  • Det må vera vanskeleg å skaffa seg våpen

Ordet “tillit” er mykje brukt ovanfor, avdi det at vi har lit til våre medmenneske er slik ein viktig indikator på at vi har det godt. Faktisk er det slik at evne til å ha tillit, og til å kunna kjenna det og setja ord på det når det er fråvær av tillit, er viktige kriteria for å kunna har arbeid i Organisasjonen. (Sjå tidlegare blogginnlegg om Organisasjonen.) Og vi ynskjer at resonnement omkring bruk og misbruk av tillit skal være sentrale i lovverk og rettslege vurderingar. Vi meiner også at dersom tillit vert misbrukt av slike som er i offentleg teneste (også vår eiga teneste), må den eventuelle straffa skjerpast.

Sidan tillit er så sentralt, må vi som arbeider for det gode styrka alt som fremjer tillit, og vera på vakt mot alt som tærer på tillit som er der og som hindrar ny tillit i å vaksa fram. Store sosiale og økonomiske forskjellar, og religiøse og andre ideologiar, er slikt som kan bryta ned empati og sympati mellom folkegrupper, og må derfor motarbeidast. Når du set respekten for ein ideologi eller lysta på eiga vinning høgare enn respekten for menneskeliv, opnar du portane til helvete på jord. Og sidan vi i Organisasjonen treng helvete i denne tydinga – sidan vi, og menneskeheita med oss, treng eit nært kjennskap til det for å kunna halda det så langt attende som råd – er det ikkje usannsynleg at du vil få oppleva det.

Så vi treng fredeleg handel, folkestyre og rettsstat. Vi treng tillit, vi treng å redusera alt som tærer på tilliten. Vi må gjera det så lett som råd for ei folkegruppe å kjenna tillit til ei anna, vi treng at alle grupper og individ liknar kvarandre, vi treng likhet. Verdiar kan skifta hender som gåver, som betaling for varer og tenester, og gjennom omfordeling. Vi nyttar omfordeling når det andre kjem til kort.

Verda treng at du betalar skatten din med glede.

(*) Dette er jo science fiction, men det vert tilgjengeleg for å bli lese i 2015, og då kan det høva at du les boka til Steven Pinker, som kom 2011: The Better Angels of Our Nature: A History of Violence and Humanity. Alle punkta ovanfor er vel helst eit svært kort og uansvarleg samandrag av denne.