26
Jun

Om å ønska det beste for alle

Gleda over livet fyller meg kvar dag, frå eg vaknar til eg legg meg, og den fyller gjerne svevnen og draumane mine og. Eg har det godt. Grønfargane, knastringa i grusen der eg går, leikande ungar, ekorn og fugl, soloppgong og solnedgong, varmen frå peisen, nye blomar som opnar seg på plantene i vinduskarmen – alt dette gler eg meg over. Og menneska – alt dei har til felles, er talet på armar og bein, ellers er det millionar og milliardar av ekstroverte og introverte, nervøse og trygge, kvinner og menn, måtar å kle seg og å le på … .

Utan å elska livet og menneska kunne eg ikkje hatt jobben eg har, som er å leia Organisasjonen.

Organisasjonen veit det meste, og styrer det meste her på kloden vår. Vi har ansvar for det heile, for å ta vare på harmonien, for å syta for at naturen og skapningane i han får gode liv.

Det seier seg sjølv at eit slikt oppdrag krev kunnskap og motivasjon. Alt heng jo saman med alt, og vi som leier Organisasjonen kan ikkje greia greia dette utan å vera tett og intimt innvevde i verda og alt som skjer.

Sjølv om eg er leiar for Organisasjonen sitt styre, har eg eit lag av gode kollegar rundt meg. Vi går alle til arbeidet vårt med glede, vi set pris på kvar dag vi får og kvar augneblink i selskap med kvarandre. Vi har gjerne våre møter på stader der vi har livet sitt mangfald tett innpå oss – med utsyn over eit skogslandskap, i ein kafé med der vi kan følgja med på det som skjer på eit travelt torg, reisande med eit tog. Slik ser vi det vi arbeider med, slik kjenner vi oss eitt med det vi arbeider med, og slik kan vi finna semje og harmoni i løysingane våre på verda sine problem nestan ordlaust, mest berre gjennom våre sansingar av kva som rører seg i våre sinn.

Vi har det godt.

Du bør ikkje ønska å vera ein av oss.

Du kjem ikkje inn i vårt forum utan å ha kjent på kroppen det motsette av det vi som er medlemmer av det elskar så høgt. Du må ha opplevd svolt, tortur, krig, attentat, slaveri. Du må reint og ekte ha kjent at livet ditt går mot slutten i panikk og kaos. Du må ha opplevd at dine kjære har blitt drepne, du må ha opplevd valdtekt.

Har du gått gjennom slike opplevingar med ei visse om at det er råd å gjera noko, at det i galskapen finst noko som du kan meistra, har du hatt eit isklårt syn for kva du må gjera gjennom kaoset, er det ikkje godt nok for oss, sjølv om det er ei lukke for deg. Du har ikkje vore langt nok ut.

Vi treng dei som har vore ved den ytste rand og kome merkte attende – og som overlever på grunn av minner om kva det gode liv er. Dei må ha vissa av kva det vil seia å ha vore der, like frå djupt inne i ryggmargen via hjernebarken og vidare til nærast telepatiske evna til å forstå og kommunisera kva som må gjerast for å bevara og styrka det livet vi elskar som vi har i leiinga av Organisasjonen.

Kjem du til oss fyld av ambisjonar, fin i tyet, nyvaska hår, som Master of Business Administration, med lang fartstid i politikken eller kva det nå kan vera: Vi er ikkje ein gong synlege.

26
Jun

På øya Uhu

På øya Uhu, utanfor kysten av kontinentet Aha, budde det 100 000 innbyggjarar. Dei hadde ein fabrikk, med ein eigar Oho. Fabrikken sysselsette 40 000 av innbyggjarane, og produserte alt innbyggjarane trong for å leva. Lønene som dei 40 000 fekk for arbeidet sitt var nok til å sørga for at dei og familiane deira kunne kjøpa varene fabrikken produserte. Eigaren, Oho, hadde det greit og komfortabelt med dette.

Ein dag fann Oho ut at han kunne automatisera fabrikken, og driva han som før med berre 4 000 tilsette. Dermed skulle han kunna spara lønene til dei resterande 36 000 arbeidarane, og bruka desse pengane på ein luksusyacht til seg sjølv.

Og som han tenkte, så gjorde han.

Dermed fekk dei 36 000 oppsagde arbeidarane ingenting å leva for, og dei og familiane deira svalt. Dei svalt rett og slett i hel.

Dei 4 000 arbeidarane som var att var ikkje ein stor nok marknad for varene som fabrikken til Oho produserte, så fabrikken måtte innskrenka, og endå fleire vart sagde opp og døydde ut. Dermed gjekk inntektene til Oho ned og ned, og han vart til slutt aleine på øya. Han prøvde å livnæra seg på å grava røter og å kle seg i pelsen etter dyr han prøvde å fanga, men han hadde ikkje ferdigheter til det, og til slutt strauk han med, han og.

Denne sørgelege soga vart kjend på Aha, og då Uhu på nytt vart folkesett ville dei hindra gjentaking. Derfor vart fire mann, Oho1 til Oho4, einige om å ha fire fabrikkar, som sysselsette 10 000 arbeidarar kvar og som mellom seg produserte alt innbyggjarane trong, og så skulle konkurranse mellom dei fire hindra gjentaking av soga.

Oho1 fann ut at han kunne rasjonalisera drifta, seia opp 9 000 arbeidarar, og driva vidare med 1000 tilsette. På den måten ville han også kunna kjøpa seg ein luksusyacht, om enn noko mindre enn den som den første Oho skaffa seg.

Oho2, Oho3 og Oho4 ville ikkje risikera å henga etter i konkurransen og tapa marknadsandelar, og dei hadde lyst på yachtar, dei også. Så etter ei stund var berre 4 000 av dei 100 000 i arbeid, resten svalt, til slutt var berre Oho’ane att på Uhu, og til slutt strauk dei med, dei også.

Kva synest du: denne soga er

  • urealistisk
  • for enkel
  • feil, av di konkurranse løyser alle problem
  • eit angrep på den samfunnsordenen
  • eit sosialistisk rop om væpna revolusjon
  • for enkel – uhu’arane bør finna opp fleire varer som kan produserast, kjøpast og seljast, sjølv om dei ikkje treng dei
  • for enkel – dei kan alltids jobba med marknadsføring
  • vitnar om dumskap, for uhu’arane bør nasjonalisera det heile, stogga framsteget og bevara sysselsettinga, og leva herrens glade dagar når dei ikkje er på jobb
  • vitnar om dumskap, for uhu’arane bør nasjonalisera det heile, nytta framsteget til å redusera sysselsettinga, refordela inntektene frå fabrikken, og leva herrens glade dagar med mykje mindre jobb
  • vitnar om dumskap, for uhu’arane bør leggja ein drusteleg inntektsskatt på Oho’ane, la Oho’ane halda fram som dei vil, redistribuera skatteinntektene, og leva herrens glade dagar når dei ikkje er på jobb
  • … ?