16
Apr

Valdelege konfliktar og Organisasjonen

Vår Organisasjon prøver, som ein kan tenka seg ut frå tidlegare innlegg her på bloggen, å stø det gode mot det vonde her i verda, og å skapa gode og stabile føresetnader for dei liva dei einskilde individa lever.

Den stabile og fredelege verda vi i det store og det heile lever i fører til at det tilsynelatande opnar seg store rom for dei som er viljuge til å nytta midlar utanfor det som er vanleg i samfunna til å skaffa seg makt. Med andre ord: I ei verd prega av fredelege tilhøve er det freistande å gripa til vald, gjerne ekstrem vald, for å skaffa seg makt.

Å sjå til er det oftast høgverdige mål dei som grip til vald for å skaffa seg makt grip til. Det hender at kriminelle element er del av valdelege rørsler, men individ med klårt kriminell legning manglar stort sett evne til å skapa det samhaldet som skal til for at veldelege rørsler skal kunna gripa om seg. Nøkkelen til å forstå valdelege rørsler er derfor å finna i trekk som kan mobilisera folk som ikkje er valdelege eller kriminelle i utgangspunktet.

Måla kan vera av religiøs art, og tufta på utval av tekstar frå heilage skrifter. Dei kan også væra sekulære, som til dømes å oppretta ein nasjonalstat for ein minoritet, eller å få til ei sosial omvelting. Felles for dei alle er, at dei som grip til vald gir høgare verdi til det overordna målet sitt enn til einskilde menneskeliv.

Organisasjonen har sjølvsagt til rådvelde midlar til valdsbruk som kan begrensa slikt. Men vi ser helst at dei ikkje vert brukt, og har derfor alternative teknikkar å ty til.

Ein slik teknikk er å byggja på eksisterande konfliktar, og å få individ som som vert tiltrekte av mål som er overordna verdet til menneskeliv til å dra til konfliktområda for å kjempa i grupperingar som er fiendar med kvarandre. På den måten utryddar desse individa kvarandre, noko som er ein god ting for resten av verda.

Organisasjonen bidreg til dette på to måtar:

Ved å halda intensiteten i dei valdelege handlingane oppe, slik at avgangen av valdelege individ vert størst råd.

Ved å gje individ som bur i fredelege samfunn, men som kan påverkas til å få slike mål som er overordna menneskeverdet, motivasjon til å dra til slike høgveldelege område, slik at dei kan verta eliminerte av valden dei søker.

Korleis Organisasjonen bidreg til dette i dag er sjølvsagt ikkje noko vi kan gjera kjent. Men vi har eksempel på motiverande tekstar frå tidlegare tider som vi kan ta fram som døme:

Revolusjonens røst

Gi mig de rene og ranke, de faste og sterke menn,
de som har tolmod og vilje og aldri i livet går hen
og selger min store tanke, men kjemper til døden for den.

Gi mig de kolde og kloke, men kjenner min virkelighet.
Bedre enn mange som sier de tror, trenger jeg nogen som vet.
Intet er mere som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.

Gi mig de bitre og steile, som ikke har frykt i sitt blikk.
Gi mig de gudløse stolte, som ikke har trang til mystikk,
men dristig vil skape en himmel her efter sin egen skikk.

Gi mig de brendende hjerter, som aldri gir tapt for tvil,
som aldri kan kues av mismot og trues av sorger til hvil,
men møter hver seier, hvert nederlag med det samme usårlige smil.

Ja gi mig de beste blandt dere, og jeg skal gi dere alt.
Ingen kan vite før seiren er min hvor meget det virkelig gjaldt.
Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blandt dere er kalt.

(Rudolf Nilsen, først utgitt i Norges Kommunistblad lørdag 19. juni 1926)

Dersom du kan skriva slikt som dette, samstundes med at din eigen motivasjon ikkje er det du skriv om, men det å bevara jorda som ein trygg og leveleg plass for alle, då er du ein som kan bidra til å gi flest råd eit godt og trygt liv. Då vil Organisasjonen også ønska å ha kontakt med deg.

Det er eit viktig poeng til slutt her: Sjølv om dette er fiksjon, er livet for fredelege menneske som vert fanga i ein valdeleg konflikt som dei den fiktive Organisasjonen er involvert i ekstremt vanskeleg, og vi vil oppmoda alle som kan til å hjelpa dei til betre liv andre stader.