6
Apr

Vi trur at du høver i Organisasjonen!

Vår organisasjon – som vi til vanleg kallar Organisasjonen – har kome til at du bør informerast om oss, og gjerast merksam på at du har ei mogeleg framtid hjå oss.

Når vi tek dette skrittet, og kontaktar deg, er det ikkje tilfeldig. Vi rår over gode reiskapar til å kartleggja alle individa her i verda, mellom anna med sikte på å finna kven som eignar seg til arbeid hos oss.

Vi har kome til at du er ein dyktig fagperson på dine felt, og at du har evne til å orientera deg i nye problemstillingar. Du kan setja deg inn i andre sin tenkemåte, noko som er svært viktig for arbeid hjå oss.

Det viktigaste å vite om oss er dette:

Organisasjonen har som mål å redda verda, og har også midlar til å arbeida mot dette målet.

Vi finn at du er ein som kan lata deg motivera av dette målet, noko som er er svært viktig. Når vi søker etter eigna kandidatar til arbeid hos oss, silar vi bort dei som vert motiverte av pengar, eller som som er overtydde om at alt finn ein naturleg balanse, når ein berre let ulike motivasjonar og drivkrefter slipast mot kvarandre.

Vi veit at det beste verdssamfunnet er eit fredeleg samfunn, eit samfunn som byggjer på venleg handel mellom likestilte partar, og på plikter og rettar for individet ovanfor det samfunnet han eller ho er del av.

Vi veit også at eit slikt samfunn, utan styring, er ustabilt.

I eit slikt samfunn vil, dersom styring ikkje finn stad, dei rike verta rikare, dei fattige fattigare, mellomklassa vil forsvinna, og ressursane som alle skal leva av vil verta oppbrukte. Den venlege handelen mellom like partar vil verta erstatta av utbyting, urett og liding, om ikkje noko stabiliserer verdssamfunnet.

Dette «noko» finst. Det er vår Organisasjon.

Vi består av medarbeidarar som har ei djup forståing av problemstillingane knytte til verdssamfunnet sine kvalitetar og utfordringar, og som finn djup meining i og kjenner djup lojalitet til målet vårt.

Vi meiner at vi har lukkast i å oppretthalda eit verdssamfunn med ein stabil kvardag for den einskilde, og med stabile rammevilkår og gode for all statleg og privat verksemd. Vi vonar du er einig i at verda, slik du kjenner ho, er god for deg, og at du vil vera med oss i å bevara henne slik. (1)

Dersom du vil vera med oss, ver venleg og svar på denne henvendinga. I motsett fall kan du sjå bort frå henne. (2)

——-

(1) Når vi nå har ei stabil og god verd, betyr det at individa har lite erfaring med ektreme tilhøve – i første rekke vald, men også korrupsjon, maktmisbruk med meir. Dette opnar tilsynelatande store mogelegheiter for menneske som kan tenka seg å bruka vald for å skaffa seg makt. Organisasjonen har omfattande analysar av og forståing for desse problemstillingane, og har fullt adekvate middel til å oppdaga og avskjera alt slikt. Vi vil at du skal vera klår over kor altomfattande vårt potensial er, også til valdsbruk om det trengst.

(2) Dette er, tross alt, rein fiksjon.