Anerkjenning var det eg venta, då eg synte bloggen min til mi lady over alle ladies her om dagen.
Men skriveria mine vart sabla ned! Her var det mangel på indre samanhang. Setningane vakla mellom å vera for enkle og for vanskelege. Språket var inkonsistent!
Dette let eg ikkje passera.
Frå nå av: Det er uviktig at det store biletet er feil, berre detaljane er rette. Eller, på ein annan måte: Du veit ikkje kvar det endar før det endar.
Denne retningslina kjem eg til å følgja, like til eg forlet henne, eller ho forlet meg.
Overskrifta syner både til dette med å ha ein raud tråd, og til ordtaket om at ingen veit kvar haren hoppar.
One thought on “OVNSBAKT RAUD TRÅD”