13
Aug

Svaret på alle spursmål

Ein leiande matematikar kom ein gong på at han skulle skriva opp alle matematiske prov i ei bok. Kvar krok og krik av faget skulle saumfarast, alle teorem skulle kodifiserast, og inn i boka skulle dei. Han fekk fagfellane sine med seg på dette, dei sette i gong, og langt om lenge og med ekstraordinær innsats kom dei så langt at dei kunne få boka i trykken. Og etter nokre veker kom ho frå forlaget, fiks ferdig.

Då matematikarane var samla for å nyta resultatet av innsatsen sin – sitja og sjå på det, nippa til god vin, eta kanapear, la praten gå seg i mellom medan den blå kvelden senka seg – kom ein liten gut gåande. Han fekk auga på den fine boka, og lurte på kva som stod i henne.

– Med hjelp av denne boka kan du finna svar på alle spursmål som det går å svara ja eller nei på, svara matematikarane.

– Er det sant? Går det verkeleg an å finna svaret på alle slike spursmål med denne boka?, spurde guten.

Praten rundt bordet stilna, ettertanken senka seg over matematikarlyden. Dette var jo eit spursmål som det skulle gå an å svara ja eller nei på, og derfor måtte det ha ein plass i boka. Den gode stemninga fordampa, stjernehimmelen som var ved å koma fram over land og hav gjekk frå å skapa fred og harmoni i matematikarsinna til å vera eit svakt, uoversiktleg men sakleg skin over ufullkomenheita i arbeidet deira. Boka var altså ikkje ferdig likevel. Det var eit spursmål til som måtte inn, endå meir som måtte svarast på! Bistre til sinns reiste dei heim kvar til seg og tok fatt på den nye oppgåva.

Og verre skulle det verta, for dei skyna fort at så snart den nye boka var komen or trykkeriet, ville guten kunna stilla det same spursmålet om den nye boka, og så ville det vera på an igjen, i ein evig runddans, som ville gå i alle fall så lenge som det fantest matematikarar og småborn.

Matematikarane skyna at her måtte det seriøs reknekraft til. Dei tok til å byggja ei datamaskin som kunne stø dei i arbeidet deira. Dei arbeidde dag og natt med å byggja denne maskina, piska fram av spurmålet som den vesle guten som til ei kvar tid gnog i sinnet deira. Det vart fort til den største datamaskina verda hadde sett.

Det enkle spursmålet til den vesle guten var noko dei aller fleste rundt på kloden kunne forstå, uansett kva politisk farge, religion, kjønn eller alder dei hadde. Og uansett om dei stødde eller var kritiske til akademia, politikarar, ingeniørar, besserwissarar og så vidare, vart dei samde om at det ville vera kjekt om det fantest ei bok der ein kunne slå opp og finna svaret på alle spørmål som det gjekk å svara ja eller nei på.

Så dei stødde opp om innsatsen til matematikarane, og den store datamaskina vart fort til det største byggjeprosjektet på kloden. Ho trekte til seg all verdas ressursar, ho bidrog til store øydeleggjingar – og det vart naudturvande å gå til stader utanom kloden vår for å finna meir materialar til henne.

Snart for romskip i skytteltrafikk mellom planetane med materiale til maskina, og det vart funne måtar å temja sola sine krefter og å kasta dei inn i strevet med å finna svar på det store Spursmålet. Men det stogga ikkje der: Romskipsflåtane vaks i omfang, dei tok til å vitja andre solsystem, dei organiserte etter kvart heile galaksa vår inn i kalkulasjonane til den store maskina – og langt om lenge kom også andre galaksar inn i systemet hennar.

Matematikarane byrja etter kvart å kjenna at dei nærma seg svaret på Spursmålet, som nå vart sett på som så viktig at folk var viljuge til å setja livet sitt inn på å finna det. Trådane av logikk som gjekk gjennom universet byrja trekka det saman til ein stadig mindre omkrets, alt for å auka effektiviteten i utrekningane. Logikktrådane vart tettare og tettare, dei gjorde det rett og slett så uleveleg at folk, og matematikarane med dei, døydde ut. Men maskina heldt utrøytteleg fram med å organisera all materie for å finna svaret på det store Spursmålet.

Men nå som alle matematikarar, alle småborn, alle andre, alle planetar, stjerner og galaksar var trukne saman i eit einaste stort heile, var også Spursmålet noko som gjennomsjela heile maskina og dermed heile det universet som Maskina hadde underlagt seg:

Finst eg?

Til slutt fanst det berre ein einaste liten partikkel som mangla på at absolutt alt var organisert og regimentert til å gi svaret på Spursmålet. Med ei siste kraftanstrenging fekk maskina tak i partikkelen, og la han inn i det store Systemet sitt.

Og alt vart til Lys.

12
Aug

Om Organisasjonen sine opptakskrav

Menneske som djupt og varig kjenner at det å bevara framtida til kloden vår, til naturen og menneska på på han, kan koma til å verta vurderte for opptak som kandidatar til medlemskap i Organisasjonen.

Den som fyller Organisasjonen sine krav, må lova, evig og ufråvikeleg, å tena kloden og alt som lever på han, under Organisasjonen si rettleiing. Lovnaden fører med seg plikt å leva eit enkelt liv i lydigheit mot Organisasjonen, til å ta på seg all teneste som Organisasjonen byd, og til å streva etter eit sinnelag prega av kjærleik til kloden og alt som lever på han.

Alle som er opptekne i Organisasjonen veit at dei står i ein samanhang der det viktigaste målet er forsvar for livet og alt levande, og at dei må kjenna livet med lys- og skuggesider for å kunna gjera dette. Dei må godta motsetnadane mellom vondt og godt som er ein føresetnad for livet, og alltid, i kjærleik til livet, streva mot stadig djupare forståing av dette gjennom studiar og kontemplasjon.

Dei som er opptekne i Organisasjonen skal arbeida med, og om det trengst også gripa inn mot og styra, maktene og kreftene i samfunna rundt om på kloden. Dei må også kjenna til dei fårene som trugar Organisasjonen innanfrå, og det fellesskapet mellom medlemene som trengst for å hindra Organisasjonen frå å misbruka sin evne til å påverka utviklinga i verdssamfunnet.

Den som vert vurdert som kandidat til å verta oppteken som medlem av Organisasjonen, vil vita dette utan at vi treng å fortelja det.