Eg har eit stort prosjekt gåande, og det er å lesa meg opp på og å vera orientert om saker og fag som eg synest ein bør vita litt om for å vera eit dana menneske i vår tid. Som del i dette har eg sett på kva som står på dei forskjellige universiteta sine pensa, skaffa meg ein god del lærebøker, og lagt i veg. Tanken er å starta med det heilt grunnleggjande, og så å halda fram til eg har eit visst overblikk. Fysikk og kjemi har eg vore innom tidlegare, men vidare har me biologi og økologi, psykologi og sosialpsykologi, historie, antropologi, sosiologi, geologi og fysisk geografi, makroøkonomi og statsvitskap, og eg har vore innom dei alle.
I denne vellinga hadde eg venta gjekk an å laga ein veg frå noko som er heilt grunnleggjande til neste nivå. Dette heldt også stikk, langt på veg, men då eg skulle gå frå sosialpsykologi til antropologi og sosiologi var det bom stopp, gitt. Lærebokforfattarane Thomas Hylland Eriksen og Anthony Giddens ignorerte psykologien fullstendig. Medan til dømes sosialpsykologane som hadde skrive den boka eg las gjorde greie for grensene til mellom anna sosiologi og antropologi, og mikroøkonomane og til dels statsvitarane hadde teke til seg resultat frå psykologien, så lest antropologi- og sosiologibøkene som om dei ikkje kjende til psykologifaget. Sjølv om desse faga handlar om summane av alle handlingane til menneska dei omfattar, så ser det ikkje ut til at dei som steller med desse faga synest at psykologisk kunnskap om einskildmenneske og menneske i grupper er relevant for det dei driv med. (Her må eg ta eit atterhald om at eg har ikkje lese all verden av sosiologi og antropologi. Men eg vil jo tru at desse grunnbøkene, som skal gjera det lettare for lesarane å lesa meir djuptpløyande stoff seinare, er nokonlunde representative for kva fagpersonane meiner er viktig å vita noko om innan faga deira. Seinare har eg sett at sosiologane på Universitetet i Oslo, som ikkje brukar lærebok men har ein artikkel- og kapitelsalat til pensum i introduksjonskurset, har eit slagord om at faget deira handlar om “mennesket i samfunnet og samfunnet i mennesket”, og det let betre i mine øyrer.)
Å døma etter lærebøkene mine i antropologi og sosiologi, så er det klassikarar som gjeld som utgangspunkt for tenkinga i faga. Max Weber, Karl Marx, Emile Durckheim, Robert Merton, Talcott Parsons, Bronislaw Malinowski, Alfred Radcliffe-Brown, … . Eg må medgje at medan eg fann mykje som var interessant og tankevekkande i psykologibøkene, så var teoriane til desse klassikarane ikkje noko som fenga hjå meg. Er har lite eller ikkje talent for dei, eg synest det dei skriv er uklårt og uhandgripeleg, og det er eit slit å prøva å begripa tankane deira. Og pedagogikken i lærebøkene – som ser ut til oftast å ta utgangspunkt i teoretiske retningar frå 1800-talet, og så å referera til korleis desse har vorte kvista og om-/påbygde oppigjennom åra – synest eg er merkeleg og kjedeleg.
Men eg trur eg skjønar at det er mange teoretiske retningar knytte til desse to faga, antropologi og sosiologi, og at det pågår debattar om dei mellom dei som er interesserte. Andre kan det vera tenker som i kvantemekanikken: Du treng ikkje “skjøna” kvantemekanikk for å kunna bruka han. Du har mest igjen for å halda kjeft og rekna på likningane.
Eg har vore sakshandsamar i NAV si førstelinje i mange år. Ei av gledene dette arbeidet fører med seg er å oppleva at folk kjem inn på kontoret ditt med mange spørsmål og mykje usikkerheit om kva framtida vil bringa, og at dei så går og er ved godt mot. Det som skjer i slike tilfelle er at dei har fått NAV sitt regelverk forlart for seg, og at eg har presentert dei for kva slag muligheter NAV-systemet byr på. Vi har diskutert kva som bør gjerast for at dei skal koma seg inn i arbeidslivet att, vi har lagt ein plan for korleis vi skal gå fram, planen er skriftleggjort og signert med blått blekk på kvitt papir. Så det som før var eit ugjennomtrengeleg morass av usikkerhet har fått ein struktur, det opnar seg i gjennom regelverket til NAV klåre valmuligheiter, og vi har lagt ein plan med utgangspunkt i desse. Så når mine brukarar forlet kontoret, har dei fått klårleik i kva framtida vil bringa, og dette hjelper på humøret, både for meg som sakshandsamar, og for dei som er brukarar som slit med helsemessige begrensingar.
NAV-regelverket gjer det altså råd å gjera rasjonelle val, og det ligg eit visst velvære i å oppdaga og å bruka det.
Dette velværet har ikkje så mykje å gjera med at regelverket er vist eller gale, eller, med litt andre ord, kvalitativt godt eller dårleg.
Det er heller overgangen frå ein uoversiktleg til ein oversiktleg situasjon som får velværet fram. Det kan godt tenkast at det kan lagast andre regelverk som er betre for både samfunn og brukarar. I dag er det eit prinsipp at folk skal få tiltak som raskast råd fører dei inn i lønna arbeid. Det ville kanskje vore betre om dei fekk dei tiltaka som var samfunnsøkonomisk mest lønsame. Det er heller ikkje slik at det følgjer berre glede med regelverket, som mange vil vera klåre over. Når ein kar som har fått lastebilkurs, avdi han ikkje lenger kan gjera vanleg fysisk arbeid, oppdagar at han ikkje får ADR-kurs for å køyra fårleg gods i tillegg, har eg ved fleire høve oppdaga at regelverk går over frå å vera ei glede til å vera noko herk, og at eg som person vert halden ansvarleg for miseren.
Rasjonelle val har tradisjonelt vore litt av ein bærebjelke i økonomifaga, og er også, om eg skal døma etter bøkene mine, mykje brukt i dei samfunnsvitskaplege -logiane. Og, med støtte i mine erfaringar som NAV-sakshandsamar, må eg seie at det ser ut til å ha mykje for seg, dette: Det er både forståeleg at rasjonelle val er med mellom teoriane, og at det er freistande for samfunnsvitarane å velja ein teori frå det utvalet dei har til rådvelde når dei sjølve skal byrja å praktisera. Sjølv om regelverket/teorien ikkje er fullkome, ligg det ein nytte og eit velvære i at det i det heile teke finst. Det er også forståeleg for meg om folk som er aktive innan desse faga forsvarar teoriane dei har vald seg, og lappar på dei dersom røynda tilseier det, heller enn å forkasta dei.
Nå trur eg det er lurt av meg å avslutta denne skrivinga. Eller skal eg halda fram?
I så fall må det bli med noko om kva nytte dei som steller med samfunnsvitskap kan ha av å ha greie på psykologi og støttefaga til psykologien.
Eit nokså direkte eksempel her er sosialpsykologien sin kunnskap om dynamikken mellom inngrupper og utgrupper, som for eksempel dynamikken mellom etnisk norske og innvandrarar. For at stereotype oppfatningar om utgruppa skal endra seg, krevst det at dei i inngruppa har kontakt med dei i utgruppa i timesvis om dagen i fleire månader. Det er det råd å få til i skular og på arbeidsplassar. Her kjem også biologien, eller rettare nevrologisk kunnskap inn: Kor fort dette går kjem an på fleksibiliteten som nervefibrane i hjernane til dei to gruppene har. Unge hjernar er meir fleksible enn gamle, så der ungar vil endra stereotype oppfatningar på nokre veker, treng gamlingane månadsvis. Noko av dei same tidsdimensjonane finn ein ellers antakeleg att i kor lang tid det tek å endra sjølvbiletet etter at ein til dømes har blitt arbeidsledig.
Eit anna døme på at psykologi kan føra med seg store endringar er at hemmelege organisasjonar, som visse etterretningstenester i austlege og vestlege land, nyttar seg av psykologi – påverkning av einskildpersonar med leiande posisjonar, i rekruttering med meir – til å skapa motivasjon i retning omveltningar i heile land.
Men dette er berre døme.
Sånn reint alminneleg vil eg tru at samfunnsvitarane kan tena på å vita kva som går føre seg i hovudet til folk. Det kan gjera det lettare for dei å forstå samfunnet, men også gjera det lettare for dei å forstå seg sjølve. Er det psykologiske og genetiske faktorar bak verdiane folk som studerer samfunnet har med seg eller dannar seg i samband med faga? Korleis er hjernen konstruert, kva er det for gods der inne som kan puffa og dra det fagfolk og alle oss andre måtte sjå og høyra på ein slik måte at slutningane vert upresise? Og så vidare.
Men lengre inn i desse fagfelta vågar eg meg ikkje. Om nokon skulle bry seg, ligg eg vel an til å verta seriøst kvista allereie, tenker eg.