Lyset var godt for oss då vi var der oppe
i mildt vatn, krusa av bris,
men vi søkk.
Vinglar frå side til side nedover
dultar i kvarandre
kjenner kva vi er:
surstoff, kvelstoff, kolstoff, vasstoff …
og så vidare: Du kjenner oss,
alminnelige som vi er.
I mørkt uleveleg vatn
er vi no på veg ned
til vi landar stilt
på kvarandre,
dyngjer oss på kvarandre,
tyngjer kvarandre,
sementerer kvarandre,
vert til eitt.
Eitt vert vi også av varmen
som kjem sigande på oss
etterkvart som åra går
millionar av år,
med spreidde knekk av jordskjelv.
Det heiter ikkje vi lengre,
det heiter eg.
Og eg vert stukken,
av ein mygg!
Som drikk blodet mitt!
Som syg meg opp gjennom snabelen sin!
Som sender meg susande,
brennande av stad og til værs – svevande!
Ein gass, utblanda i luft!
Overalt – eg har deg nå!
I will be back!
+++
I am back
med dei harde tankane
kald logikk
kunnskap
om at vi var plankton
som sokk til botnar gjennom anaerobt vatn
i eit innlandshav
og vart neddyngde til varme djup
der vårt feitt vart til eitt – olje!
Som vert tappa ut og brent
til CO2
bakrus.